Svein Grødaland:

Han skulle skapa fred og gjera slutt på krigane. Han skulle få Nobels Fredspris. Så langt har det ikkje gått så bra. Det er ennå krig i Ukraina. Våpenkvile på Gaza og Vestbredden er ein illusjon.
Situasjonen i Venezuela slår bein under resten av dei gode ambisjonane. Her er det han som er krigshissar, som bombar småbåtar han trur kan innehalda narkotika. Who knows? Nobody.
Samstundes benåder han ein person som absolutt har drive med smugling av stoff.
Så blandar han seg inn i andre land sine interne saker, og ber presidenten i landet benåda ein korrupt statsminister. Det skal vistnok skapa fred og felleskap i dette landet.
Ein ting skal han ha. Berre etter eit knapt år i stolen har han snudd opp ned på såpass mykje at ingenting vert som før. Han har slege ein solid kile i prinsippet om fri handel. Han er stor, har treng ikkje bry seg om WTO. Kanskje den organisajonen vart stifta for å sikra for å sikra vestlege interesser? Nå har han oppdaga at alt for fri handel kanskje er skadeleg for eigen økonomi. Tollmurar er svaret.
Problemet er at all endring har element av ris til eigen bak i seg. Mektige land svarer med same mynt. Internasjonal økonomi er ei tungrodd skute, tung å snu i tronge farvatn. Byrjar du å pirka ein stad, er det alltid noko som rører seg ein annan stad.
Europa har både skylappar og bind for augo. Her er det business som før, utan tanke på at ting ikkje lenger er som før. Den tapte krigen kan ennå vinnast, og småpartia bjeffer over at me ikkje sel oss ut av firma som lagar utstyr til krig. Skulle det lukkast, er det andre som kjøper aksjene, og ting held fram som før. Blikket bør heller rettast mot handel. Kan me la vera å kjøpa ting som er laga i okkupert område, av ein okkupant? Kan me samlast om noko slikt, kan det fungera. Kanskje. Sanksjonane mot Russland har ikkje fungert, berre til skade for oss sjølv.
Framtida er ein smule meir usikker nå. Eg har sagt at imperier kjem, er der ei stund, og forvitrar. Historia har mange døme på det.
Er EU / Europa liv laga? Har USA malt seg inn i eit hjørne? Vil Vesten klara seg i møte med det multilaterale fellesskapet? BRICS markerer seg. Er USA sitt svar, våpen og krig, den rette medisinen? Kina dominerer bilbransjen. Produksjon er i mange år sett ut til lågkostland. Me sit att med alt for mange akademikarar som flytter på papir. Ein parallell til munnhellet om at me ikkje kan leva berre av å klippa håpet på kvarandre? Byråkrati produserer ingen verdiar. Den berre forvaltar det andre har produsert.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland


