Svein Grødaland:
Norsk debatt med to tunger
Debatten går høgt i ein del miljø om kor vidt NRK er å lita på. Det mest ekstreme forslaget kjem frå FrP om å selja heile greia til private. Det er ein svært dårleg ide. Det er ikkje plass til både NRK og TV2 om begge skal konkurrera om dei same annonsekronene. Då kan me fort verta utan ein seriøs, riksdekkande kanal.
NRK er så mykje meir enn berre politikk og samfunn. Me har mellom anna eit lite dusin ulike radiokanalar, med alt frå alltid nyheter til Alltid klassisk. Skal me ofra det berre fordi nokre av oss er litt fintfølande i spørsmål om politikk og samfunn?
Debatten si sosiale media (facebook) går i ei anna retning. Der er NRK så venstrevridd at det knapt går an å bruka kanalen. Det handlar nok først og fremst om nyhet- og debattprogramma. Derfor kan ikkje desse personane bruka NRK.
Dei om det. Eg har ei anna vinkling. Eg ser at kanalen driv ei form for eigensensur, der ein del kontroversielle meiningar ikkje får koma til orde. Debattleiar Fredrik Solvang slapp den katten ut av sekken då han slo fast at den som er skeptisk til klimasaka ikkje får kome til tide i debatten.
Så veit me det. Det gjeld truleg fleire saker. Eg har mellom anna notert meg at NRK har ei forteljing om krigen i Ukraina, alternative media ei anna. Skal ein ha heile biletet av det som skjer, må ein både ha den offisielle vinklinga og bruka den som bakteppe når ein er innom dei alternative, som Steigan, Derimot, Politikus. Sjølv Forsvarets Forum kan til tider ha andre vinklingar.
I NRK har Russland store problem og store tap ved fronten. Økonomien er på nedtur. Andre medier melder at sanksjonane har tvinga russarane inn på ei anna linje, med nye pandelspartnarar. I desse mediene går økonomien bra i Russland, mykje takka våre vestlege sanksjonar. I NRK er det ennå von om å vinna krigen, med dei tre store, Tyskland, Frankrike og Storbritannia i front. Kvifor er det ingen som sør korleis dei skal klara det, når økonomien er heilt på botn. Den er øydelagt av klimatiltak, migrasjon og vestlege sanksjonar mot Russland. Rart, for NRK veit om dette. Har hatt desse problema som eiga sak.
Berre så det er sagt. Eg kjem framleis til å bruka NRK. Det fins ikkje alternativ. Diverre.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.


