19.11.2025:
Mannsdagen
Det er den internasjonale mannsdagen i dag. Det fekk eg greie på gjennom eit tilfeldig glimt av ein TV-skjerm. Vår kvinnelege likestillingsminister fortel NRK kvifor det er så viktig med ein dag for menn. Ho nemner helse for menn, menn lever kortare, litt om å vera far. Ei kvinne som skal fortelja oss kva me treng. Eg kan forstå det om folk reagerer. Det finns heldigvis meir grunnleggjande verdiar enn dei som kan seiast med politikarspråk.
***
For meg er det sjølvsagt å vera mann. Eg har aldri vore noko anna. Så langt har eg brukt to og sytti år på å finna ut kva det vil seia å vera mann.
Som barn trudde eg at det berre var nokre fysiske detaljer som skilde oss gutar frå jentene. Jentene hadde langt hår, og me hadde ikkje lov til å kikka inn i garderoben deira. Eg levde lenge i den villfaringa.
Så dukka det opp små bitar av innsikt. Som lærar oppdaga eg at gutane og jentene fungerte heilt ulikt kvarandre. Sett på spisen: Gutane slåss så fillene fauk, før dei gjekk vidare og var bortimot like gode kompisar som før.
Det er det sosiale spelet som skil oss gutane frå jentene. Jentene sine kampar stakk mykje djupare. Dei straffa kvarandre med blikk, snu ryggen til, oversjå. Tuppen og Lillemor opptrer livs levande i alle skulegardar. Bjørn Eidsvåg er inne på det same i son song om to små planetar i kvar sitt univers.
Dette var det første verkelege blikket inn i ei framand verd, ei verd eg aldri ville kunna forstå fullt ut.
Neste trinn etter å ha lært det grunnlegjande var å finna ut korleis eg skulle forhalda meg til denne innsikten. Skal ein kunna finna ut av det, må ein leva i lag med ei kvinne.
Tanken går til ungdommen i dag. Det er ein viss skilnad mellom dei og min generasjon. I dag kvir mange unge seg for å binda seg til eit anna menneske. Det kan ha sin grunn. Mange er pumpa fulle av rare forestillingar via tilpassa sosiale media, media som på ingen måte er sosiale. Tvert imot. Dei isolerer menneske frå kvarandre, og hindrar både ungdom og oss eldre å koma i kontakt med kvarandre. Det er meir verdfullt å møtast ansikt til ansikt i staden for frå skjerm til skjerm.
Ungdommen i dag veit det meste om korleis det motsette kjønn fungerer fysisk. Eg trur det er litt verre med kunnskapen om korleis den andre fungerer mentalt, psykisk.
I mi tid på ungdomsskulen hadde me ein time undervisning om korleis de andre kjønnet fungerte. Jentene for seg, med kvinneleg lærar, oss gutane med ein mann. I dag hugsar eg lite og ingen ting av denne timen. Ein time på tre år. Ein enkel time.
I dag kunne ei slik økt kome på vidaregåande. Dei kan meir om livet enn det eg gjorde eit par år før. Kanskje det trengs at begge kjønn veit litt meir om den andre, om ikkje anna så for å vera tryggare i sin eigen rolle.
Frå Grødalands Facebook-side:
Gjengitt med hans tillatelse.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland


