Litt voldsomt

Del:

Svein Grødaland:
Litt voldsomt

Det er greitt at norsk fotball kvalifiserer seg til VM. Det er også greitt med litt småhint i NRK si morgonsending. Me tåler det. Men når heile sendeprogrammet med Dagsnytt18 og Dagsrevy vert lagt om, berre for å feira ein siger på fotballbanen, er å gå litt langt. Lyden av idrett er ei sann plage når me ventar på at sjølve nyhetene kjem. Eg har høyrt at den lyden fins på boks dersom ikkje støyen er god nok for fansen.

Kalde fakta er at det norske landslaget i fotball har kvalifisert seg til å vera med i VM. Det skjer først neste år. Eg har høyrt ei røyst som kvitra at kanskje kunne Norge til og med vinna VM. Det skjer neppe.

Eg kjem ikkje til å sjå ei einaste sending frå denne meisterskapen. Det får halda med eit par minutt på Dagsrevyen etter nyhetene.

I mitt hovud er ikkje sportsresultat nyheter. Det er i beste fall resultatservice på linje med trekninga i Lotto.

Eg er meir oppteken av dei astronomiske lønene ein del fotballspelarar får. Kor kjem dei pengane frå? Billettar? Sponsing? Rike onklar i Midt-Austen?

I mi tid hadde idretten eit amatørreglement. De vart venta at utøvarane hadde eit vanleg yrke for å brødfø seg sjølv. I dag er det beste støtteapparatet som vinn. Det er i grunnen litt juks å gjera oss bedre berre fordi me har nok pengar. Det gjeld ikkje berre fotballen, kanskje ikkje ein gong først og fremst dei. Kven har ikkje høyrt om smørjebussar i skisporten. Hadde det ikkje vore meir rettferdig om alle fekk likt smurte ski? Slik det er nå, må utøvaren dela på æra med støtteapparatet.

Ein ørliten parallell: Eg fekk ikkje byrja i 4H fordi mine foreldre rekna det som juks at det stort sett var foreldra som måtte stella 4H-feltet. Eg trur dei hadde eit poeng. Mitt felt hadde ikkje blitt nokon monokultur med berre nytteplanter.

Framheva bilete:
Antatt skjermdump
fra statens tv-kanal, NRK

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: