Tid for spørsmål

Del:

Svein Grødaland:
Tid for spørsmål

Det er tid for statsbudsjett. Godt me ikkje lever i USA, for då kunne me risikert å mista vår faste utbetaling, for min del alderstrygda. Rart at eit så avansert samfunn som USA ikkje har bedre orden på finansene.

Her heime er det fem parti som skal verta samde. Det krev stor balansekunst frå regjeringa si side om den vil koma frå dette utan for store økonomiske utlegg. Dei tre på venstresida er svoltne nok på sine saker. Den mest sindige av desse, basert på intervju i Politisk Kvarter er Raudt sin Mimir Kristjánson. På den andre sida har me eit endå meir sindig Senterparti. Dei konstaterer rolig at dei vil gå der dei må for å finna fleirtal for sine saker.

Arbeidarpartiet sine Knoll og Tott har hovudet i Brüssel og beina i Ukraina, og overlet til sindige Tuva Moflag å dra gjennom budsjettet på vegne av regjeringa.

Det er ein rar ting, ein faktor i reknestykket som knapt vert nemnd. Det manglar folk i både skule, barnehage, helse, politi. Så skal militæret rustast opp. Pengane er så godt som løyvde, utan å ta vegen om statsbudsjettet så vidt eg forstår. Kor skal me henta inn nok befal, nok soldatar, nok personell med militær utdanning?

Det er lett å løyva pengar, langt verre å få nok folk i stillingane.

Det går nokre hundre tusen personar på trygd. Mange av desse kan utføra større og mindre deler av ei full stilling. Samfunnet har bruk for denne restarbeidsevnen.

Så høyrer me om personar med høgare akademisk utdanning som har søkt hundrevis av stillingar, utan å få napp. Utdannar me folk til arbeidsløyse ved å satsa for mykje på akademiske studier når me treng fagfolk i praktiske yrke? Bør me styra tilgangen på utdanning etter kva samfunnet treng? Eit fagbrev kan vera vel så mykje verd som ein mastergrad.

Slik kunne eg halda fram, lufta problemstillingar og stilla spørsmål.

Henta frå Svein Grødalands Facebook-side og 
attgjeve med hans løyve.

Framheva bilete:
Fyr i omnen.
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: