Svein Grødaland:

Ny leiar i Høgre
— utan landsmøtevedtak

Del:

Svein Grødaland:
Er eg beigeistra?

Ine Eriksen Søreide har bestemt seg. Ho vil overta etter Erna Solberg som leiar i Høgre. Det seiest at Ine Eriksen Søreide har både parti og mykje folk flest bak sitt kandidatur. Eg trur ikkje eg er begeistra.

Ho snakka så fint for seg i Politisk kvarter i dag. Ho har aldri arbeidd med anna enn politikk, bortsett frå slike jobbar studentar alltid har. Ho er jurist. Politikk er også eit fag, meiner ho. Jada, det trengs folk som kan det politiske spelet, som kan kunsten å få folk med seg, men som også har evnen til å lytta.

Eg spør meg: Er ho ein av oss, ein politikar som lyttar til folket og arbeider til vårt beste? For meg ser det ut til at ho er meir internasjonalist framfor å vera oppteken av dei nære ting.

Me har hatt litt for mange politiske broilerar, folk som har prioritert sine prosjekt internasjonalt, og let humla susa her heime. Dei har i tillegg sete på den grøne greina, på trygg avstand frå det folket dei ska opptre på vegne av.

Nå treng me jordnære politikar i toppen, menneske som prioriterer dei nære ting høgare enn internasjonalt engasjement.

Partiet Høgre har ein historisk nedtur bak seg. Dei bomma på folkemeininga. Andre parti vart vurdert som bedre til å ivareta oss veljarar. FrP var mellom dei. Nå spørs det kven Høgre vil lytta til; oss veljarar som dei skal representera, eller om det held med landsmøtet.

Me treng politikarar som konsentrerer seg om viktige sakene i staden for sprada i pride-tog for å visa kor up to date (utdatert) dei er, eller som glatt spanderer milliarder på regnskog, krig og luftslott i staden for å halda orden i eige hus.

Ine Eriksen Søreide er ikkje min statsminister. Det same kunne eg sagt om Støre og Stoltenberg.

Dette innlegget er henta
fra Grødaland si Facebook-side,
og gjengitt he med hans tillatelse. 

Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: