Blasfemistriden:
Eit prinsipielt og typisk knefall
for knebling av ytringsretten.

Del:

Karikaturstriden, protesten mot Mohammed-teikningane for 20 år sidan, er eit pinleg og typisk døme på at retten til frie ytringar er i rask innskrenking i Noreg og elles i Europa. Karikaturteiknaren og dei som forsvarte retten til å teikne som dei ville, måtte gå under jorda for truslar om vald og drap. Den norske regjeringa og Stortinget og medier flest, prinsipielt for frie ytringar også om religionar, forsvarte ikkje retten til frie ytringar mot dei valdelige drapstruslane. Dei «tedde seg som om karikaturteiknarar, redaktørar og andre var overgriparane – ikkje islamistane».
Striden er òg eit døme på kor stor makt minoritetar, som muslimer, har blitt gjeve av den styrande intellektuelle humanitærpolitiske eliten. Minoritetane blir brukte til å styrka den «humanitære» makta mot kritikk av deira politikk.
Karikaturstriden markerte det første steget store steget for innskrenkingane av retten til frie ytringar. Blasfemi-/karikaturstriden er eit representativt døme på woke-kulturens autoritære og udemokratiske vesen. No fylles fengsla for ytringar i Noreg som i Europa og serleg i Storbritannia.
Professor emeritus i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, har skrivi innlegget som legges ut her.
Red.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen:
Meiningsmotet svikta dramatisk.

Den norske striden om karikaturstriden varer tydelegvis ved. 20 år er gått sidan karikaturstriden, der dei fleste av våre nasjonale presseorgan og ikkje minst våre nasjonalt føresette i regjeringa ikkje stod opp mot freistnaden på å underminere vestleg trykkefridom.

Alt i 2009 avslørte danske Jytte Klausen i boka The Cartoons that Shook the World at heile oppstusset kom av at danske radikale, islamistiske imamar – der einskilde sidan har endra meining og sagt seg lei for det dei var med på – reiste ikring i Midt-Austen og agiterte hardt for å skape opprør ut frå at Jyllandspostens Kurt Westergaard hadde laga ei teikning av Muhammed med lunte i turbanen, og at den norske avisa Magazinet, den seinare Dagen, under redaktør Vebjørn Selbekk hadde publisert denne og andre karikaturar.

I «Eftertankens kranke Blekhet», burde no visse andre norske redaktørar frå den gongen og visse framståande norske politikarar, ja, regjeringsmedlemer, så som Stoltenberg og Støre, vedgå at dei burde stått fast og forsvart ytringsfridomen. Men det gjer dei ikkje.

Kva kunne hendt då? Då hadde det vore langt verre å gjere livet surt for folk som Westergaard og Selbekk, kollegaene og familiane deira. Og ikkje minst – då kunne ein brukt tida dei neste ti åra på å demme opp for dei forferdelege hendingane som kom utetter 2015 i Frankrike, frå og med attentatet på Charlie Hebdo tidleg i januar det året, og utover, i bylgjer til 4. juli-attentatet i Nice 2016, og mange hendingar seinare.

Demme opp? Ja, ved å demonstrere det antifascistiske slagordets vekt den dag i dag: «no paseran!»[«De skal ikke passere!». Red.] Dei skal ikke kome igjennom, for her står media og forstandige politikarar av alle overtydingar som ein mur mot hatet mot våre verdiar for open tale, fri kunst, fri kritikk og retten til å vise kva som kan bli resultatet (eg meiner, lunta i Muhammeds turban var tent, men ikkje enno eksplodert – sidan, i 2015, kom jo eksplosjonane til gagns).

Denne demninga av motstand oppstod altså ikkje og eg skal ikkje drive kontrafaktisk historieskriving. Men i staden for at statsleiarar og medieansvarlege i Europa i staden for å klandre dei som teikna og som publiserte karikaturar i 2005 og seinare, og å blande saman vanlege muslimar med islamistar, har ein halde fram med å snakke som om alle muslimar faktisk er islamistar, og vert djupt såra og vonbrotne over å sjå karikaturar av religionsgrunnleggjaren. Eller at dei ikkje skulle måtte tole slikt, sjølv om vi i Vesten har levd godt med slike karikaturar like sidan Reformasjonen. For dei anfektar ikkje trua, dei berre gjer narr av maktmenneske som misbrukar trua.

Tenk om alle som skulle og burde og hadde plikt til å forsvare vestleg presse- og ytringsfridom, hadde stått opp slik som Vebjørn Selbekk gjorde det den gongen. Det er, ut frå Jytte Klausens no gamle analysar og det vi no veit, nokså truleg at fylgjene snarare hadde vore at dei hadde sett seg i respekt. I staden tedde dei seg som om karikaturteiknarar, redaktørar og andre var overgriparane – ikkje islamistane.

Nokre meiner at Jyllandsposten og Magazinet m.fl. skulle vore overnaturleg framsynte eller profetiske og skjøna at det ville verte opptøyer i Midt-Austen og åtak på danske og norske ambassader.

Andre meiner rett og slett at både Charlie Hebdo og Jyllandsposten var ufine og lite respektfulle overfor muslimar.

Båe argument er ikkje berre meiningslause (især sidan dei båe gjerne kjem frå ei såkalla venstreside som har sett det som ei plikt i Opplysningstidas ånd å fornærme kristne av ymse slag), men også direkte farlege.

At store delar av den franske politiske venstresida med ganske mange framståande intellektuelle i spissen prøvde å gjere Charlie Hebdo-redaksjonen sjølve ansvarlege for åtaket og drapa på dei, oppeldna islamistane monaleg. Det gav stor inspirasjon for nye åtak, som Bataclan 13. november same året og ved Den engelske promenade i Nice 14. juli året etter. Og sjølvsagt halshogginga av Samuel Paty fire år seinare, i 2020, av di han hadde drøfta Muhammed-karikaturar i klassen han underviste.

Kvifor? Av di det stadfesta førestellinga som Den muslimske brorskapen, IS og ei rekkje grupper og utgrupper har søkt å utbreie, nemleg at vestlege verdiar er ei djup fornærming overfor muslimar, deira ymsande teologiske overtydingar og ulike muslimske tradisjonar. Med andre ord, protestar mot satire og forsøka på å tilbakeføre ei form for syndeskuld på kunstnarane/satirikane og redaktørane, var med på å legitimere påstanden og/eller førestellinga om at venstresida støttar islamistane i kampen mot vestlege undertrykkande verdiar, nykolonialisme og kvasomhelst, eigentleg.

Det er nokså openbert at storparten av den såkalla venstresida ikkje er motstandarar av vesentlege vestlege verdiar, med unnatak av tilfelle der dei kunne tenkje seg å tvinge folk til den rette tru, men dette unnataket gjeld likså vél motstandarane deira også, altså høgresida.

Likevel framstår mange med to tunger: ja, vi er for opplysning, for religionskritikk, for ytringsfridom, for demokrati – men vi er også opne og tolerante og velviljug innstilte overfor dei som er absolutt imot desse same verdiane som sikrar oss talerett og eksistens. Så vi må ikkje fornærme dei. For all del. Anten fordi det er ufint, eller fordi det kan få konsekvensar.

Dette siste er altså det farlegaste argumentet: vi skal rette oss etter frykta for terror og prøve å unngå terror ved å unngå å gjere narr av islamistar? Så vi aksepterer deira rett til å reagere med vald?

Heri ligg det eit retorisk grep som tydelegvis verkar logisk for mange: dei tykkjest insistere på å unngå å setje skilje mellom muslimar og islamistar. Konstant. Enno ser vi dette argumentet: ein må ikkje såre dei religiøse kjenslene til muslimar. Medan det ikkje var kjenslene til vanlege, truande eller for den del sekulariserte muslimar som vart trufne i det store og det heile, derimot maktbryndet til ekstreme islamistar og jihad-tilhengjarar, på leit etter orsakingar for å tenne gneister så dette dei reknar som vestlege verdiar kan sårast.

Bortsett frå å snu saka på hovudet, oppnår dei som framleis insisterer på å kritisere karikaturteiknarar to ting. Den fyrste tingen har to sider: a) dei gløymer sånn passeleg opportunt at vi jamvel her i landet har menneske som har flykta frå terrorregime, som framleis har skrekken i kroppen (har ikkje kritikarane av Jyllandsposten og Dagen lese bøker frå danske og norske normale eller sekulariserte muslimar?), desse skal altså bøye seg for tanken om at det er viktig å ikkje fornærme islamistar – som ofte meiner og praktiserer at det å vere ein fråfallen muslim, eller å jamvel ikkje akseptere ei plikt til jihad, det er langt verre enn å vere bleikfeit kristeleg demokratisk innstilt snørrhoven vestleg blei. Og fråfalne må ubetinga forfylgjast.

Altså, tanken om at ein ikkje må satirisere over Muhammed og hans hær, inneber tanken om at ein norsk muslim for sitt eige beste i alle høve ikkje bør flire av tåpelege oppskrudde pompøse antivestlege imamar. Eller nyfrelste islamistar.

Av dette flyt den andre delen av den fyrste retoriske tingleggjeringa: b) tanken om at muslimar er islamistar eller at islamistar er normalt for islam.

Den andre tingen er at slik tingleggjort kritikk av satirisk kritisk kunst fornektar retten til kritikk. Sidan Antikken, men for våre tilhøve især sidan Renessansen og Reformasjonen, så med ny kraft etter vel 100 år med einevelde i oppkjøret til den franske revolusjonen i 1789, spela absolutt den mest brutalt ufine satire som tenkjast kan ei gedigen rolle i å rokke ved makta. Biskopar og kardinalar teikna som horebukkar, kongen teikna som halvråtten frukt, embetsmenn teikna med karakteristiske trekk frå lurendreiarar eller latsabbar eller tjuvar i dyreriket — djevel, demonar, englar og Vårherre sjølv om det trongst, innblanda i dette teiknuniverset skapt for kritisk blikk — i konkret forstand, eit nytt blikk, eit avslørande blikk, eit blikk som skaper tenking i staden for repetitiv sløv godtaking.

For kva er ein islamist?
Det er ein som gjer ei pervertert tru på Muhammed til eit drapsvåpen.

Kom dét som ei bombe i hovuda på fleire som tilhøyrer den såkalla venstresida? Då hadde dei lang lunte.

Då må dei som kritiserer Jyllandsposten og Magazinet/Dagen snart ta til orde for at Roar Hagen må slutte å teikne Jonas Gahr Støre i flosshatt. I den teiknbruken ligg der ei udefinerbar undring, ei maning til ettertanke, ein mogleg kritisk kime — akkurat som den tente, korte lunta på hovudet av Muhammed.

Det gjer dei ikkje. Førebels. Men desse vi trudde fullt og fast var forsvararar av vår rett til å le, gjere narr av og henge ut idioti og maktgir, gjentek og gjentek at ein må vere varsam og ikkje fornærme brutale ekstremistar som har til første og største mål å definere kva religionen deira skal tvinge andre menneske til å gjere.

Dermed har dei gjennom 20 år lukkast i å knekke ein viktig del av ytringsfridomen: Satiren over religiøs maktmisbruk er stengt ute frå det gode selskap og lever ikkje mellom oss lenger. Satiren har gått i vitnevern, har endra namn og praksis og relasjonar og held seg langt unna der han burde vere.

No seier redaksjonane ikring: skal vi utsetje våre teiknarar, journalistar, skribentar for mogleg terror? Vi må ta ansvar for at så ikkje skjer, så dermed kan vi ikkje publisere satirer over visse utvokstrar av religiøs forvilling.

Skal vi gje muslimane, alle ihop, skulda for at dette er resultatet, eller skal vi be våre religiøse leiarar, politiske leiarar og medieleiarar å halde opp med å tvinge gjennom ei togn om verksemda til desse som gjer religionen til maktmiddel og drapsvåpen, noko som berre kan føre til fleire forferdelege reaksjonar, den dagen nokon atter bryt togna eller i beste vestlege tradisjonar lagar ein strek i rekninga for dei som kalkulerer med underkasting?

Framheva biliete:
KI-generert bilde
av en bevæpna islamist.

Oppdatert 07.07.2025 kl 07.51.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: