Svein Grødaland:
Kontrollkomiteen vil ha Jens Stoltenberg inn på teppet. Grunn: Han har vore uklar i sine svar omkring oljefondet sine kjøp av israelske aksjer. Svara skal ha vore noko i retning av gjenforteljing av spørsmåla.
Dei av oss som hugsar nokre år tilbake, la sikkert merke til kor rask dåverande statsminister var til å kasta folk ut av regjeringa, ofte på grunn av småting.
Spørsmålet er enkelt: Ville figuren Jens Stoltenberg, nå finansminister, overlevd som statsåd i ei regjering leia av den same Stoltenberg.
Er det stoff nok i Jonas Gahr Støre til å vera like fast i klypa som Stoltenberg var i si tid? Eg er redd Støre er for veik til å skjera gjennom. Det handlar tross alt om ein god ven.
***
Det er ikkje stort bedre på den andre sida av politikken. Ville Erna Solberg overlevd som statsråd under ein Jens Stoltenberg? Med Sindre Finnes sine bravader på børs. Var det den minste grunn til tvil, gjorde Stoltenberg kort prosess. Ingen veit kva finansielle godbitar Finnes fanga opp gjennom sitt ekteskap med regjeringssjefen. I politikken kan tvil vera nok til mistillit.
***
Eg ser ikkje så mykje på valgkampen. To intervju i NRK skli seg ut. Den eine er Venstre sin Guri Melby. Etter kvart som ho lekser opp sine argument, tenkjer eg nei, nei og atter nei. Det fine med valgkamp er at opplagte styr unna kandidatar skisserer ein politikk eg slett ikkje vil ha.
Den andre er miljøpartiet sin Arild Hermstad. Eg anser ein god del av hans retorikk som kontrafaktisk. Ting er ikkje nødvendigvis slik dei grøne legg til grunn for politikken. I tillegg ser det ut til at dei gløymer naturen, meir enn gjerne ofrar litt urørt natur for den gode sak.
Tyskland held på å ofra både levestandard og økonomi for den «gode» saka. Det er faktisk slik at olje er sjølve grunnlaget for det samfunnet me har. Ved bråstopp av oljeutvinning vert det også bråstopp på økonomien. Olje er ikkje berre dristoff og smørjing. Olja er råvare for ei lang rekke produkt. Veit ikkje Hermstad det?
Dessutan er det slik at stadig fleire dreg i tvil forteljingane om faren som trugar oss. Litt for mange tåpelege, politisk funderte «tiltak» ikkje er anna enn retorikk og slag i lause lufta. Metangass frå kyr, elektrifisering, satsing på hydrogen, karbonfangst. Klimamål. Tenk på eit tal.
PS: Eg har framleis tenkt å røysta på eit av mikropartia. For min del ligg det ein protest i det.
Framheva bilite:
Ku på beite er ikkje noko problem for naturen (og klimaet).
Foto: Svein Grødaland


