Svein Grødaland:

Ein god indianer
er trofast og snill.

Del:

Svein Grødaland, som først la ut dette innlegget på si Facebook-side 21.08.2025, har godkjent at eg kan legge ut alle hans innlegg her.

Svein Grødaland:
Son min, agronomen, hadde dette mottoet:
Ein god indianer er trofast og snill.

Hadde alle hatt dette idealet, kunne kloden vera ein god stad å vera.

Det er nå eit drygt år sidan han forlot oss. Dette er ikkje meint som ein minnetekst over Gunnar, men litt om dei verdiane han hadde. Han levde et enkelt liv, innanfor dei ramene livet gav han. Likevel forlot han livet med overskot, både økonomisk og på andre måtar. Han fann seg vener same kor han kom, enten det var i Osdalen i Hedmark eller Vigeland i Agder.

Då han kom til Osdalen, var det første han gjorde å gå rundt og presentera seg som den nye naboen. Dermed var kontakten oppretta.

Dette er litt uvant i vår effektive tid, der idealet ser ut til å klemma seg i eit lite bur som vert kalla bustad. Ein skal helst ikkje vera sosial utan at det er avtalt på førehand, og berre med dei utvalde.

Det går an å ta initiativ, utan å syta over at samfunnet må stilla opp. Det er vår tids forbanning at alt er så formelt, regulert. Ingen går til kvarndre utan avtale eller invitasjon. Gunnar tok kontakt. Han prata med folk. Eg må beundra han for evnen han hadde til å koma i kontakt med folk.

***

I ei tid der folk bur trongare og trongare, vert det meir bruk for stader der folk kan møtast, uorganisert og tilfeldig. I TV-serien Heartbeat (Med hjarta på rette staden) er puben samlingspunktet. I prinsippet ein god ide. Det seiest at sjølv puben må gje opp i England. Det vert stadig færre av dei. Fienden? Mobiltelefonen, spør du meg. Nå går folk med lyd i øyrene og nasen ned i medbrakt skjerm. Ingen kjem i kontakt med folk som gøymer seg bak seg sjølv heile tida.

Eg var i si tid medlem i eit politisk parti. Der kunne me ha raud pub eller raud kaffi, alt etter interesse og tid på dagen. Her var det eit miljø, basert på felles interesser og bortimot dei same tankane om politikk. Dei det passa for, kom: utan påmelding. Dette var den positive sida ved å vera politisk aktiv.

***

Eg får snakka for meg sjølv. Sjølv om eg på ingen måte er utprega sosial, set eg pris på nokre sosiale oaser, der tankar og ord kan flyta fritt. Så er det tid for å trekkja seg tilbake til seg sjølv. Men utan propp i øyrene.

Foto: På garden i Osdalen.
Av Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: