Svein Grødaland:

Kineserier

Del:

Dette innlegget er henta fra Grødalands Facebook-side og gjengitt med hans tillatelse.

Svein Grødaland:
Kineserier

Kina og dei andre BRICS-landa har lagt seg på ein annan kurs enn vesten. Dei har teke over vår rolle som produsentar av alt frå dubedittar og bilar til store skip. Dei har prioritert handel framfor å vifta med militære trugsmål. Det er ikkje kjekt å seia det, men det er sant. Me er alliert med den mest krigerske makta på kloden, ei makt som brukar alle middel til å pressa sin vilje på andre. Som regel må denne makta luska heim med halen mellom beina etter nye nederlag. Det kjem til å skje på ny.

Vår jakt etter profitt og ditto kutt av kostnadar kjem til å ri oss som ei mare i tida som kjem. Me har lete andre overta vår produksjon. Det store utlandet har vore klokare enn vesten. Dei har satsa på produksjon og eksport.

Sjølv sit me att med ein uproduktiv administrasjon. Bankfolk og aksjemeklarar produserer som kjent ingenting av handfast gods. Likevel har me spesialisert oss på – ingen ting.

***

Vår grand old man gjer seg høg og mørk, ut trugar alle som handlar med Russland med toll og boykott.

Ironien i dette er at det er Kina som sit med det meste av viktige råvarer til våpenindustrien. Litt av ei kattepine for den mektige.

Eg får inntrykk av at store deler av nasjonane etter kvart vender ryggen til oss, i avsky for vår maktpolitikk. Eg seier vår politikk, for eg har ikkje høyrt ein einaste av våre som har teke klart avstand frå USA sitt forsøk på å dominera kloden. Den som teier, samtykker.

Framheva bilete:
Skal me søla vekk landet vårt på meiningslause krigar?
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: