Svein Grødaland:

Fakta er vel og bra, og …

Del:

Frå Svein Grødalands Facebook-side 22.07.2025:

Svein Grødaland:

Fakta er vel og bra, og eit godt utgangspunkt for refleksjon. Men ikkje meir. Scenen på Kongsgård katedralskule i Aleksander Kielland sin penn, er legendarisk. Fleire byar i Belgia, messa læraren. Men vesle Marius sto fast. Han kunne ikkje remsa med alle byane i Belgia.

Ein del debattar her i forumet (facebook) skjer etter same prinsipp, meir fakta, fleire byar. Samanhengen mellom dei ulike faktaopplysningane er av mindre interesse.

Eg må tilstå at eg kjenner på ein viss irritasjon når desse fakta-baronane melder sitt nærvær. Dei kan dra opp lange rekker av spørsmål, berre for å oppleva kor kjekt det er å setja meg fast. Det rare er at dei fleste av dei er lærarar, eller pensjonerte lærarar.

Litt frustrerande å sjå dette, sidan eg sit med den same utdanninga, og har praktisert nokre år i skulen. Men ikkje berre der.

NRK og andre er rimeleg flinke på kva som skjer rundt omkring. Sidan tilfanget av nyheter er stort, kan me alltid diskutera vinkling og prioriteringar; kva som kjem med, og kva som ikkje gjer det.

Våre media er dårlegast på det viktigaste: Kvifor skjer ting? Kvifor taper Vesten / USA den eine krigen etter den andre? Ein artikkel i eit sideforum enn antyder at det er fordi me ikkje kjenner motparten godt nok, knapt nok våre eigen styrke og svakhet. Vesten er i eigne auge så suveren at me ikkje treng å setja oss inn i motparten sin situasjon, tankegang og ressurser.

Kva med Afghanistan? Dette landet burde vore ei enkel sak for oss med vår teknologi og kunnskaper. Det var ikkje avansert teknologi og store økonomiske ressurs som avgjorde slaget. Det var noko anna, noko som ikkje passa inn i skjemaet vårt, og derfor var utenkeleg.

I dag er Vesten involvert i to krigar, Ukraina og Gaza. Felles for begge er at alle forsøk på å setja ting i ein samanheng vert mistenkeleggjort; Då held me med fienden, enten denne heiter Russland, Israel eller Gaza. Fb-vener som på dyktig vis dreg fram balanserte opplysningar vert mistenkeleggjorde: me er Putin-vener, antisemittar. Stort sett dette. Det store fleirtalet reknar dette som sikre kort for å vinna ein debatt. Både Ukraina og Gaza har lange forhistorier som kan forklara kvifor det er krig. Dei historiene går mykje lenger tilbake enn datoen for utbrotet av nåverande krigar.

Kjelde.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: