Dette innlegget av Olav Randen er henta frå Facebook-sida hans og gjengitt med hans tillatelse. Uthevingar ved Politikus.
Olav Randen:
Vestens nederlag i Ukraina
Det går ille med Ukraina.
Russland har no kontroll over minst 20 % av landet. Mykje er øydelagd også i attverande del av landet. Fleire hundre tusen menneske på kvar side er drepne. Folketalet var over 52 millionar 30 år sidan, no er det under 39 millionar. Oppgitte tal er at 7 millionar ukrainarar har flykta eller emigrert frå 2022, medan 3 millionar er internt fordrivne.
Den første tida høyrde me om ukrainsk våroffensiv når jorda tørka opp etter vinteren og haustoffensiv og ny våroffensiv og snunad når sanksjonane tok til å virke og at med Vestens suverene våpen ville Russland li nederlag og krigen snart ta slutt. Det har gått annleis. Sakte og sikkert har Russland fått kontroll med meir av landet.
Nato slit med indre konfliktar og kanskje byrjande oppløysing. USA kan trekkje seg. Dei mest lojale Nato-landa Tyskland og Norge åleine eller nokså åleine må betale kjøp av USA-produsert luftvern. Pentagon/Trump avgjer, me betaler. Sanksjonstiltak blir ignorerte, også av Nato-land. For Nato-landa er det vrient å sjå vegar framover. 31 av 32 land har forplikta seg til å bruke 5 % av BNP på militæret. Følgjer dei vedtaket, blir resultatet fattigdom for folk og statar. Ignorerer dei vedtaket, vil ikkje USA følgje plikta i artikkel 5 i Nato-traktaten om gjensidig forsvar. Berre ein tredje veg står att, å gjenreise vestleg globalhegemoni. For militært er Nato suverent, iallfall å sjå til. Nato-landa med ein av åtte milliardar av verdas innbyggjarar står for 55 % av verdas militærkostnader. Dei bruker omtrent 1540 dollar i året på militæret, resten av verda bruker 180, åttende- eller niendeparten.
Natos erkefiende Russland har mista soldatar og utstyr, men dei har også skaffa seg erfaringar og kontaktar og drive forsking og utvikling som gjer dei betre i stand både til å forsvare seg og sitt og til eventuelle nye krigar utanfor eigne grenser. Russland har desse åra innhenta mykje av det militære forspranget Vesten hadde.
Vesten er altså i klemme. Ukraina er i ferd med å bli eit nytt Afghanistan eller Libya. Og ei anna framtid for Ukraina er ikkje i sikte. Truleg er det berre tre tiltak, bakkesoldatar frå Nato, bombing av Russland eller atomvåpen, som kan få slutt på elendet dersom verda går vidare i same sporet. Men Nato-styrkar eller bombing kan bli starten på ein ny verdskrig. Atomvåpen kan bli gjengjeldt og ramme Vesten og kloden som heile.
Me må slå ring om våre ukrainske venner, og utan motstanden og Nato-våpena hadde russarane teke heile Ukraina, blir det innvendt. Det sistnemnde kan me ikkje sjå bort frå, men me må spørje kor sannsynleg det er. Russland er Ukraina militært overlegent og kunne truleg ha teke heile landet. Kanskje er grunnen til at dei ikkje har valt ein fullskala invasjon, at dei ønskjer eller iallfall aksepterer eit sjølvstendig Ukraina. Eller kanskje fryktar dei at med ein fullskala-invasjon kan verdssamfunnet kome til å isolere Russland.
Eg som skriv, meiner at ei verd av sjølvstendige nasjonar er den beste ordninga og ønskjer difor ukrainsk sjølvstende. Men det er uavklara grensekonfliktar mellom Ukraina og Russland, som mellom mange land, verda er ikkje og blir truleg aldri ferdig oppdelt. Konfliktane gjeld Krym og austlege landsdelar. Mange vitnemål tyder på at i desse områda er det eit solid fleirtal for tilhøyrsle til Russland. Hovudmomentet i ei avgjerd om grenser mellom land bør vere permanente fleirtalsønske blant folk i områda. Tilleggsmoment er historiske tradisjonar og tenlege løysingar for begge partar. Eit av dei beste døma på løysing av grensekonfliktar er mellom Danmark og Tyskland om Slesvig. Etter krigar i 1848 og 1864 og mange mindre tvistar vart det i 1920 halde folkerøystingar i nord og sør i det gamle hertugdømmet. Landet nord for Flensborg vart dansk og Flensborg og sørover tysk. Ein liknande metode er aktuell i grensekonfliktane Russland/Ukraina, med overoppsyn frå FN og to røystingar på ulike tidspunkt, slik at ikkje stuttvarige stemningsbølgjer avgjer.
Invasjonen i Ukraina strir mot folkeretten, men bak ligg også legitime vurderingar. Alle land har krav på trygge grenser og respekt i internasjonalt samkvem og varehandel. Nato-land byggjer militærbase etter militærbase nær Russlands grenser. Og når Nato no har innlemma dei baltiske statane og såleis fått kontroll over Østersjøen, når Norge etter press frå USA byggjer ut vår marine for å ha høve til å stogge russiske skip frå Kola og via Norskehavet/Nord-Atlanteren, og når Vesten samtidig vil ha kontroll med Ukraina og med det tilgangen til Svartehavet, stengjer dei Russland ute frå verdshava anna austover i nord. Etter at verdshava med krigsperiodar som unntak har vore frie hav, globale allmenningar, så lenge attende me kjenner historia, er utestenginga ei dramatisk endring av global politikk.
Til dette innvender Nato at det slett ikkje er deira intensjon å invadere Russland og heller ikkje å stengje Russland ute frå verdshava. Det kan vere rett eller gale, men det tvillause er at mange russarar fryktar at dette er formålet, og at denne frykta (som har ein historisk og rasjonell bakgrunn i mange invasjonar frå vest og med vestlege militærbasar så nær Russlands grenser som råd og demonisering av Russland) er sentral for å gi Putin oppslutnad om krigen. Me bør ikkje gløyme at svært mange russarar har ein bestefar eller granne som mista livet eller vart invalid i kamp mot nazismen og at nazi-tenkinga hadde vesteuropeisk opphav og i hovudsak vesteuropeiske tilhengjarar.
Med Vesten som initiativtakarar og drivkraft har eit fleirtal av verdas land gjennom FN fordømt invasjonen og slutta seg til harde, Nato-formulerte ord. Men laber oppslutning om sanksjonane tyder på at det har vore nokså halvhjarta. Land som Kina, India og stordelen av afrikanske land har avhalde seg frå å stemme, til saman rundt 35 land med eit fleirtal av verdas innbyggjarar. Stordelen av desse landa har ei fortid som koloniar og veit meir enn me om kva global skade vestleg dominans har gjort. Og dei ser at Vesten, som meir enn andre har kanalar til Israel og kan stogge deira våpenkjøp og krigshandlingar, aksepterer israelsk bestialitet. Ord om våre høgtståande verdiar, fred, demokrati og dialog blir tomme når me ser drap av ungar i matkø utan eller med berre varsame protestar.
Meir enn oss er det andre som fremjar fredsløysingar og fredeleg sameksistens. Dei ser at verda må bryte Vestens og USAs verdshegemoni om me skal kome framover. Og frå vår synsstad: Det er grunn til å tru at om somme Nato-land, til dømes Norge, hadde brote ut av semja og arbeidd aktivt for ein annan veg, hadde det inspirert fleire til å bryte med krigs- og våpenrørsla. På same måte som Sverige i si tid under Olof Palme mobiliserte fleire land til å arbeide for ei meir rettferdig og anstendig verd.
Me bør altså spørje: Korleis hadde det gått med Ukraina om Nato eller iallfall Nato-land aktivt hadde gått inn for forhandlingar, spelt inn eiga militær nedtrapping langs Russlands grenser og vilje til fredsavtalar med Russland? Ikkje med aksept for invasjonen, men med den respekten alle verdas land, også Russland, bør møtast med, og med menneskerettane og tilrettelegging for fredeleg sameksistens til grunn.
Ingen kan gi eintydige svar. Men me kan slå fast at den vegen som Vesten tviheld på, våpen som veg til fred, har vore ein fiasko hittil og ser ut til å bli meir mislykka for kvar månad som går. Det har gått ille med Ukraina, Vesten har mista global respekt og tyngde, FN vorte nærast umyndiggjort, og mange land følgjer i sine konfliktar vår metode og vel krig og våpen framfor dialog. Metoden har også endra oppfatninga av Norge og Norden kringom i verda. Knapt nokon på den globale arenaen ser i dag vårt land som fredsnasjon og konfliktløysar.
Når vår tid kjem på avstand, vil kanskje den største taparen vise seg å ha vore den globale freds- og dialogtenkinga, den tenkinga som fekk ein kveik med FN, menneskerettane og frigjeringskamp i tidlegare koloniar etter andre verdskrig, ein ny kveik då USA med allierte på syttitalet tapte kampen om hegemoniet i Indo-Kina og ein tredje ved nedrustinga etter at Muren fall i 1989. Kanskje vil ordet sivilisasjons-samanbrot vere på sin plass.
Framheva bilete:
Foto: OBB/Politikus


