Svein Grødaland:

Naiv klokskap?

Del:

Svein Grødaland:
Naiv klokskap?

Det seiest at eg stundom skriv kloke innlegg. Kanskje det. Eg skriv om det eg er oppteken av, utan nokon spesiell baktanke. Det kan handla om dei små og nære ting, eller hendingane ute i den store verda.

Eg har aldri vore ein del av det lojale fleirtalet. Eg har tenkt mitt, og stundom sett ord på det. I dag innser eg at det kan ha kosta meg ein jobb eller to. I dag gjer ikkje det så mykje. Eg er tildelt livsvarig stipend frå Nav og KLP. Dermed er det fritt fram å tenkja og seia.

Mi oppleving av å få alle nyhetene ramlande inn i stova er ikkje så gammal. Før i tida las eg avisa og såg Dagsrevyen. I den tida trudde eg at det som sto i avisa var sant. Det var det nok og, i høgare grad enn nå. I dag er media misbrukt til grov propaganda. Me vert forsøkt manipulert til å meina det same alle saman. Det store fleirtalet er med på det. Berre eit mindretal vert skeptisk. Det er slik det fungerer, uansett kva sak det gjeld. Me er flokkdyr, og har ein tendens til å meina det same som resten av flokken. Psyken vår som art er slik. Dette har opplagt sine positive sider, men også negative. Som flokkdyr er me lettare å manipulera, og kritiske røyster har vanskeleg for å slå gjennom.

Døme: Corona med tiltak, global oppvarming, krigen i Ukraina. Det er vondt for mange når sanninga bryt fram. For det gjer den, før eller sidan. Propagandaen vert plukka frå kvarandre og avkledd.

Min posisjon har sin pris.

Eg fekk nyleg passet påskreve på ein måte eg måtte setja pris på. Vedkomande skreiv omlag som så:

Svein Grødaland hadde nok ikke egnet seg som statsleder med denne filosofiske naividitéten, der han på tilbakelent vis får oss til å tenke.

Han er likevel mer enn verdt å lytte til. En reflekterende mann.

Man behøver ikke å være enig i alt. Man får høre og prosessere motforestillinger som utfordrer egne holdninger.

Han har rett. Eg er naiv, med vilje. Eg får av og til tyn fordi eg ikkje held meg til anerkjente fakta. Det er fleire grunnar til det. Eg ser ingen grunn til å meina og skriva på same vis som alle andre. Då kan eg like godt la vera å skriva, verta ein del av den tause majoriteten.

Er det slik at det kloke er naivt? I så fall er det ikkje rom for klokskap i styr og stell.

Mine innlegg bygger på fakta og tilgjengeleg informasjon. Dei er ikkje faktabasert i streng forstand.

Eg vil heller vera den som reiser tvil, som stiller spørsmål. Fabulerer litt over livet. Det folk ikkje kjem på, er at det er terapi for mange av oss å skriva, setja ord på uro og tankar i ei forvirra samtid og ei endå meir usikker framtid. Sett på spissen: Eg veit kva eg meiner når eg har sett ord på det.

Foto:
Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: