Hans Olav Brendborg:

Geopolitisk stagediving*

Del:

Hans Olav Brendberg:
Geopolitisk stagediving

Då USA gjekk til ulovleg invasjon av Irak i 2003, hevda amerikansk etteretning at Irak hadde masseøydeleggjingsvåpen – og det påståtte irakiske våpenprogrammet for masseøydeleggjingsvåpen var casus belli. Åra gjekk, og det viste seg at det heile var ein bløff – eit konstruert påskot for å øydeleggja ein suveren stat som var med i FN (og for å forvitra FN-pakta).

Når USA no er på veg inn i krigen mot Iran, hevdar amerikanske etteretningstenester at Iran ikkje har eit aktivt atomvåpenprogram, og at landet er fleire år unna å kunne skyta ut rakettar med atomstridshovud. Iran har heilt til det siste ført røynlege forhandlingar, der landet var viljug til å godta restriksjonar på anriking og inspeksjonar. USA brukte forhandlingane til å gje eit falskt inntrykk av tryggleik, slik at det israelske overrumplingsåtaket skulle råka hardare. Også dei iranske forhandlarane vart drepne.

Mohammad El Baradei, tidlegare generaldirektør i det internasjonale energibyrået, slær heilt korrekt fast at denne krigen tek livet av ikkjespreiingsavtalen. Øydeleggjinga av ikkjespreiingsavtalen kjem veker etter at den ukrainske bombinga av den russiske atomtriaden fjerna alle utsikter til vidareføring av New Start. Atomkappløpet mellom statane er igjen ein jungel utan reglar. Tryggleiken til alle statar er kraftig redusert i åra etter at INF-avtalen vart torpedert i 2019.

Dette er ikkje ein krig mot ikkje-eksisterande  iranske atomvåpen. Det er ein krig for å skaffa geopolitisk ryggdekning for å kunna gjennomføra den etniske rensinga av Gaza.  Åtaket på Iran er ikkje ein «forkjøpskrig» – det er eit forsøk på strategisk overfall for å sikra at Israel også i framtida skal vera heva over alle internasjonale køyrereglar.

På nokre månader har Trump avslørt seg sjølv som diplomatisk faskspelar og som falsk fredsprofet. Ingen med nokolunde vett kan lita på denne mannen, eller på at det er noko poeng i å forhandla med han. Basisen for folkeretten er «pacta sunt servanda», prinsippet om at ein skal halda inngåtte avtalar. Det verkar ikkje som om Trump forstår eingong kva dette handlar om – medan han på elefantvis knuser alt som er knuseleg i den internasjonale rettsordenen. Også den fredsvenlege høgresida i USA, som Steve Bannon og Tucker Carlson, snakkar no ope om dette sviket.

Israel  ynkar seg over at dei som dei vel å overfalla skyt tilbake. Ein kan forstå det – i mange år har dei stort sett skote på kvinner og barn, og opplevinga av at motparten er i stand til å gjera kraftig motstand er ny. I tillegg har dei gått til åtak på ei makt med store lager av ballistiske missil – sjølv deira eigne lager av rakettar til rakettforsvaret er i ferd med å gå tomt

Dette er geopolitisk stagediving – meint å skulle pressa USA og vestlege land til å bli med på dette uprovoserte overfallet på ein suveren stat.

Thomas Massie og dei andre som no tek saka til kongressen for å stogga galskapen fortener all mogleg støtte. Når Israel heilt friviljug vel å driva stagediving, kan ein utan å løfta ei hand mot landet la dei merka konsekvensane av dette – med å tryna rett i betongen. Og deretter måtte forhandla med naboane som likemenn – ikkje som lokal bølle med blankofullmakt frå Washington. Då kan det henda vi får ein «rules based order», ikkje berre ein «jews based order» der Israel har varig unntak frå folkerett og internasjonale normer.

Israels overfall på Iran er ikkje vår krig. Vi bør halda oss på lang avstand frå dette.

 

* Det refererer til handlingen der en person, vanligvis fra publikum, hopper fra scenen og blir fanget eller bært av mengden under en konsert eller liknende arrangement. (Grok 3 beta)


Henta frå Brendberg si Facebook-side

18.06.2025
med hans løyve.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: