Kort nærkontakt

Del:

Svein Grødaland:

Eg kunne emigrert til eit land med varmare klima. Hadde eg hatt eit bedre liv for det? Neppe. Eg kunne kjøpt eit krypinn på ei gresk øy, levd av pensjonen frå gamlelandet og ikkje tenkt på alt det problematiske folk her heime fyller tid og tankar med. Hadde eg blitt meir lukkeleg av å stikka av frå alle problem? Neppe.

I mi barndoms lesebok var det eit lite vers om mannen som ville flytta frå nissen. Men nissen sat høgt på lasset og lo; – Eg trur me flytter i dag, me to.

Nissen vil alltid vera med på lasset. Det er umogleg å stikka av frå den ein er. Frå tradisjonen, frå kulturen, dialekten heime. Nåja, den er nok justert etter år med utdanning og arbeidsplass utanbygds.

Livet er ikkje alltid like enkelt. Det dukkar opp problem, eller skal eg kalla dei utfordringar? Situasjonar som må handterast. Utfordringar som må løysast.

Det vil alltid vera bindingar til andre. Ingen er heilt fri frå dette, bortsett frå eremitten som aldri ser folk. Eg ser dagleg folk som drøymer om å stengja ute sjølve livet, stengja ute evnen til å oppleva, til å vera eit medmenenske som kan smila til ein annan, veksla to ord med ein som kryssar vår veg.

Eg var nyleg ute og rusla ein stad, eit godt stykke heimefrå. Ein kar på min alder dukka opp:

– De er ikkje her frå dalen, undrast han.

– Nei, me er berre på besøk.

Ikkje meir enn det. Ein liten kontakt var oppretta. Hadde eg vore innflyttar til denne dalen, kunne eg nå opplevd at eit ukjent medmenneske såg meg, undrast på kven eg var. Ein liten kontakt, som kunne vore ein opning inn i eit lite bygdemiljø, om eg hadde slege meg ned der. Hadde me hatt øyrene fulle av hermetisk musikk frå telefonen, hadde me isolert oss frå denne opplevinga. Isolert meg frå eit medmenneske.

Eg har hatt fleire slike opplevingar, tilfeldige møte med ukjende i forbifarten.

Nei, eg er på ingen måte mellom dei som søker kontakt med andre slik i forbifarten. Eg kan vera både blyg og reservert. Det er ikkje til hinder for ein kort nærkontakt.

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: