Svein Grødaland:

Ikkje plaga andre

Del:

Svein Grødaland:
Ikkje plaga andre

Skulle eg gå tom for ting å skriva om, er det berre å låna øyra til NRK, først Dagsnytt 18 og deretter Dagsrevyen. Morgonsendingane er heller ikkje feil. Pensjonistar har tid til slikt om me ikkje har anna å gjera.

I det siste har det handla om å forby synd. Menneskelege feil og anna rusk i maskineriet.

Sex-lova skal stramast inn. Nå held det ikkje å teia og samtykka, nå skal det seiast eit høgt og tydeleg JA. Ja at ein vil, i staden for eit nei, at ein ikkje vil, dersom det var tilfelle.

Juristane er redd for gråsoner, der ingen veit konkret kva som har hendt. Forståeleg nok. Folk vil helst vera for seg sjølv i ein slik situasjon.

Neste innspel er å prøva å lovfesta bedre arbeidsmiljø. Opposisjonen er kritisk også her. Det er svært individuelt korleis folk opplever sin arbeidsituasjon. Eg har vore med på begge deler, både god og dårlege situasjonar.

Eit banalt døme: Mjølkebilen kom kvart over sju, tre dagar i veka. Det er stritt for eit b-menneske å samla inn rundt tretti kyr, få dei på bås og mjølka dei før tankbilen kom. Eg prøvde å ta kontakt med meireriet for å få dei til å koma litt seinare. For meg var dette eit døme på stressande arbeidsmiljø, noko som kan verta straffbart om regjeringa får det som den vil. Men opposisjonen er mot.

Eg har fartstid som verneombud nokre år. Sett frå den eine sida kan det vera greitt med nokre paragrafar for å roa ambisiøse overordna. Så kan det tenkjast at notoriske sutrekoppar får vatn på mølla om lova vert for omfattande, men ikkje nødvendigvis meir presis.

Eg kunne fortalt anekdoter om dette. Folk er svært ulike, sjølv med felles hudfarge, religion og språk.

Eg trur på korte og presise meldingar. Kardemommelova er både presis og altomfattande: Du skal vera snill og grei, ikkje plaga andre, og elles kan du gjera som du vil. Å ikkje plaga andre er eit strengt krav når ein står overfor ein kranglefant eller ein sutrekopp, eller verre: Ein notorisk drittsekk. Men kravet står der, ikkje plaga andre. Då vert både sex-lov og forbod mot stress i arbeidslivet overflødig.

Opposisjonen åtvarar mot for mange reglar, påbod og forbod. Dei kan ha eit poeng.

***

Så kom denne: Regjeringa vil gje skattelette til hundre tusen ungdommar for å sjå om skattelette for desse gjer at fleire kjem i arbeid. Det vert ikkje spesielt god stemning på arbeidsplassene dersom einkvan oppdagar at kollegaen har ei meir moderat skatteregime enn det dei har sjølv. Til nå har idealet i dette landet vore at alle skal ha dei same fordelene og dei same ulempene. Ingen skal ha ekstra fordeler etter lotterimetoden. Her er det verkeleg rom for rettferdsmatematikarar med sans for millimeter-rettferd. Dei er nøyereknande. Ingen god ide, herr finansminister. Det hadde vore bedre å gje eit ekstra botnfrådrag til alle i den aktuelle alderen.

***

Det som kanskje er verre: Eg anar ein liten tanke om ungdommeleg latskap bak dette utspelet. Vil ein slik reduksjon av skatten vera det som skal til for at ungdom skal forlata spelkonsollet og søkja jobb? Eg trur ikkje det. Dei som er motivert for jobb, vil prøva å finna ein. Dei som ikkje er motivert, vil neppe bry seg om litt skattelette.

Framheva bilete:
«Ingen grunn til stress»
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: