Svein Grødaland:

Debatt om debatten

Del:

Svein Grødaland:
Debatt om debatten

Leraand og Diesen har sett fyr på debatten. Kommentarane på facebook er svært interessante, og opplysande. Ein fb-ven eg har tillit til, har dokumentert at Diesen og Leraand hadde dekning for sine opplysningar. Han har gjort ein kjempejobb.

Andre påstår, utan dokumentasjon at her fekk dei to det glatte lag. Kanskje ikkje så rart, det er ikkje uvanleg at folk helst vil tru det dei alltid har trudd.

Det fine med alt dette, er at partiet er sett på dagsorden og blitt aktuell og relevant. Dette er den beste reklamen partiet kan få. Nokre undrar seg, og gler seg over at støtta til FOR også kan koma frå uventa hald. Bra at ennå er dei som er i stand til å tenkja sjølv og gjera seg opp ei meining.

Oppstyret vil truleg stilna i vekene som kjem. Det kjem ein valgkamp der alle partia vil profilera seg og sine saker. Me veljarar har det siste ordet den dagen me puttar vår røysteseddel i urna.

Eg har hatt eit par kandidatar eg kan røysta på. Nå har eg ein til: FOR. Fred er viktigare enn alt. Eg trur ikkje på retorikken om at fred er å gjera som Putin vil, at dersom Ukraina kapitulerer, taper krigen, kan det vera vår tur neste gong. Dette er i beste fall konspirasjonsteoriar, i verste fall blank lygn.

Ingen ting tyder på at Russland har slike planar. Det som derimot kan vera realistisk, er at Russland kan blanda seg borti konflikter der etniske russarar er part i konflikten. Det var tilfelle i Ukraina.

Eit anna scenarium kan vera at diverse stormakter i Europa ikkje har magamål. Dei kan koma til å tru at dei er sterkare enn dei er. Det kan skapa konflikter dersom desse insisterer på å ha fredsbevarande styrker i Ukraina. Eller verre: involvera seg meir direkte i krigen.

***

Eg las ein teori om straumbrotet på den iberiske halvøya. Utan at eg går god for teorien, handlar den kort sagt om at det var eit elektromagnetisk angrep, retta mot straumforsyinga i landet. Det låg i korta at det var Russland som hadde teknologien til dette, og at angrepet kunne lesast som ei åtvaring til Europa.

Eg reknar dette som relevant i høve til den spente situasjonen i Europa. Dersom det stemmer at styresmaktene veit dette, og held det tilbake, er det eit svik mot sine eigne.

Kjelde: https://derimot.no/saken-som-er-druknet-av-taushet…/

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: