Dette innlegget er henta frå Svein Grødalands Facebook-side 09.05.2025 og attgjeve med hans løyve.
Svein Grødaland
Ny drittpakke
Pave Leo var knapt blitt varm i trøya før drittpakken dukka opp: Hadde kan vore for veik i klypa omkring nokre overgrepsaker?
Det er all grunn til å minnast Meisteren sine ord i ei liknande sak: Den som er utan synd, kan kasta den første steinen.
Det er også all grunn til å minna om at Kyrkja ikkje er eit samfunn av dei perfekte, med feilande menneske. Saker om seksuelle overgrep finns i alle samanhengar, i Kyrkja, på arbeidsplassen, i politikken, kort sagt over alt. Det er fordi me er menneske, med både moral og drifter og begjær. Det er ikkje det same som at ein skal ta lett på slike saker. Overgrep er alvorleg.
Det andre som slår meg, er at det berre er synd mot det sjette bodet, det som handlar om seksualiteten, som er verd å slå ned på. Det fins andre: Grådighet, til dømes. Tuska til seg meir enn sin tilmålte del av fellesgodene.
Det er lett å vera moralist for den som aldri har vore i ein situasjon der han er utsett for freisting. Berre den som er blitt freista til synd, og klart å stå imot, er i posisjon til å dømma andre for den same synda.
Me har ennå saka om Jørn Eggum i friskt minne. Var der vikarierande motiv i den saka? Nokre som ikkje ville ha han som ny leiar av LO? Var han for frittalande?
MeToo er blitt ein gapestokk, utan lov og rett, ein gatejustis det er bortimot umogleg å forsvara seg mot. Alt for mange er blitt offer for denne justisen.


