Påskemorgen slukker sorgen, het en sang noen av oss lærte på skolen. Det var og er en påstand noen av oss har problemer med. Men likevel høver det da på en påskemorgen med noen religiøse refleksjoner fra Svein Grødaland:
Gjera det kompliserte enkelt?
Det var enklare før i tida, då jorda var flat og sentrum i universet. Sola og månen gjekk over himmelen og skilde dag frå natt. Eit slikt verdsbilete kunne eit menneske forstå. Det var enkelt den gongen. Mykje enklare.
Etter kvart som vitskapen forsyner oss med stadig meir informasjon, vert det verre. Vår hjerne er ikkje i stand til å forstå det uendelege, at det ikkje er grenser for kosmos. Den andre teorien er endå verre, at Kosmos har ein ende, ei ytre grense? Det logiske spørsmålet dukkar straks opp: Kva er bak den grensa?
Matematikken kan kanskje gje eit hint: Ein meter kan i teorien delast opp i det uendelege, desimeter, centimeter, millimeter, og så vidare. Uansett kor mange siffer me plasserer bak komma, er det alltid plass for fleire. I teorien.
Ein kan verta religiøs av mindre, eller ateist. Begge standpunkta er vanskelege å forsvara ut frå vitskap og logikk. Mange har prøvd, utan å lukkast. Det ender alltid med ei tru, ei overtyding. Eller, kanskje ikkje det eingong.
Eg får tala for meg sjølv. Eg må halda desse to historiene frå kvarandre. Den turre vitskapen har få svar til den religiøse sida, bortsett frå eitt punkt: Det uendeleg store, komplekse Kosmos, som likevel er styrt av naturkrefter, av ein orden og eit system ein berre kan undra seg over. Det systemet går igjen, heilt frå plante- og dyreliv til dei store galaksene. Alt levande ser ut til å vera laga ut frå ein mal. Svært få skapnadar bryt det mønsteret. Eg vel å sjå ein designer, ein orden i kaos, kall det gjerne ein skapar eller Gud. Så kan eg stemma i med salmisten: Når eg i undring anar, kva du har skapt ved ditt ord.
Det religiøse livet kan ikkje basera seg på dette. Eg har hatt min ateistiske periode, då eg til og med vurderte å melda meg inn i Human Etisk Forbund. Det gjekk over, ikkje fordi eg søkte religionen, men fordi den kom til meg. Ikkje fordi eg søkte kyrkje eller bedehus, for det gjorde eg ikkje.
Eg har alltid hatt ein ballast av kristen kunnskap. Den gamle skulen var god i så måte. Me studerte bibelhistorie i lag med Volrath Vogt, kapittel for kapittel. Målet var å kunna forteljingane så godt at me kunne fortelja dei, med eigne ord neste dag på skulen. Då eg sjølv vart lærar, var gamle Vogt forlengst kasta ut og erstatta med meir moderne bøker. Nedtur.
Eg hadde ein religiøs raptus i ungdommen. Den gjekk over, mykje fordi den kolliderte med Livet. Eg trur det var slik.
Når eg er på veg tilbake, har eg ingen store opplevingar som kan forklara det. Det vesle eg har av tru har kome sigande, litt etter litt. Nå stiller Bibelen ingen krav om kor mykje og kor sterkt me må tru. Heller ikkje kor mykje me må be eller lesa i den gamle Boka. Det presset eg hadde om å prestera tru i ungdommen, er ikkje der lenger. Det er ikkje lenger mitt ansvar kva som måtte skje med meg når den siste dagen kjem.
Framheva bilete:
Her budde det folk i steinalderen.
Kva tankar dei hadde om Livet, veit me lite om.
Eit sideblikk i retning såkalla primitive samfunn,
meir enn antyder at dei har gjort seg sine tankar, hatt ein religion.
Foto: Svein Grødaland


