Dette innlegg er frå Svein Grødalands si Facebook-side 10.04.2025 og gjeve att med hans løyve. I eit etterord, eit PS, skriv Grødaland: «Eg er klar over at her er det sterke meiningar, gjerne farga av dårlege røynsler for sin eigen del, eller for nokon som står oss nær. Eg har prøvd å ta eit anna perspektiv.»
Svein Grødaland:
Ein rusreform
Regjeringa vil ta fatt på rusproblemet, først og fremst den delen som ikkje er relatert til alkohol. Eg er redd dette ender opp som eit litt forgjeves forsøk på å forby synda. Eller kriminaliteten om du vil. Det har til alle tider vore personar som har tydd til rusen av ulike grunnar.
USA hadde forbod mot alkohol i mellomkrigstida. Kva skjedde? Aldri var det drukke meir alkohol enn i den tida. Ein film, The Roaring Twenties med James Cagney i hovedrollen illustrerer dette. Hovedpersonen hadde vore i Europa og kriga mot tyskarane. Han rekna sjølvsagt med å få att jobben sin då han kom tilbake. Det gjorde han ikkje.
Han fekk etter kvart jobb som taxisjåfør. Ein dag skulle han levera ein pakke. Der snubla han over ein politi som ikkje var korrupt. Pakken var ulovleg, inneheldt alkohol. Det ende med fengsel for vår venn. Då han kom ut, hadde han lært, og vart snart ein av dei store i dette gamet. Dette gjekk bra, heilt til USA oppheva forbodet mot alkohol. Dermed raste det for den kriminaliteten som hadde basert seg på ulovleg servering av alkohol. Kundane forsvann, det var ikkje lenger pengar til bestikka politiet. Game Over.
Den radikale bodskapen i denne filmen er at det er lovreguleringar som skaper kriminalitet. Overført til vår debatt om rusreform: Vår strenge linje gjer det interessant for kriminelle element å forsyna oss med rusmiddel, og det tener grovt på dette. Sett på spissen: Ei liberalisering av narkotikalova i retning av eit monopol som vinmonopolet vil slå botnen under ein god del kriminalitet. Bandane vil ikkje kunna konkurrera med eit regulert utsalg.
***
Eg skal ikkje ha alt for sterke meiningar om kor vidt dette passar for oss. Eg veit at ideen er lufta før, og eg konstaterer at regjeringa legg seg på ei verdikonservativ linje, der salg av stoff framleis er forbode, og at ein skal ha eit spesielt fokus på dei unge som er på veg inn i misbruk. Skal det fungera, må me ha klart eit velsmurt apparat som kan ta seg av brukaren når situasjonen er akutt. Det er kostbart å stå parat 24/7 og alltid ha ein ledig plass.
Velbekomne, kjære politikarar. Har de brydd dykk med å tenkja over konsekvensen av alle dei fine orda?
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland


