Uheldig dobbelrolle?

Del:

Svein Grødaland:
Uheldig dobbeltrolle?

Eg har ikkje noko valg; Bråket i familien Ingebrigtsen kjem rett inn i stova via NRK. I alle detaljer. Ut frå det som er presentert i media, er sjølve problemet at Pater Familias har vore både far og trenar. Kanskje mest det siste: Trenar.

Born sin rett til barndom er viktigare enn å prestera på ein idrettsbane. Det er dette saka djupast sett handlar om.

Kor store krav er det rimeleg å stilla til eit barn for at det skal kunna verta verdsmeister? Kor mykje barndom kan ein ta frå eit barn for å satsa så einsidig på ein ambisjon? Som idrett, eller kva som helst. Eg veit frå andre kjelder at idretten kan krevja tre treningar i veka og forbod mot andre organiserte aktiviteter. Sjølv for born.

Er dette bra? Har Pater Familias klart å skilja mellom desse rollane, trenar på idrettsbanen og far på privaten?

Ambisiøse foreldre kan fort verta eit problem, spesielt når den vaksne tek med seg trenarrollen inn i privaten. Idretten krev eit strukturert liv med mat og døgnrytme. Kombinasjonen far og trenar har full kontroll.

Då er me på veg inn i eit regime som enten inspirerer til opprør, eller lydighet.

Pater Familias har vist seg å vera vanskeleg å opponera mot.

Det handlar om ting som dette: Episodar med vald, brøling og eit vilkårleg regime med varierande reglar, skaper ei vond og uheldig stemning i heimen. Einsidig vekt på det eine nødvendige.

Dette skaper ein atmosfære av utrygghet.

Situasjonen reiser nokre spørsmål:

I kor stor grad kan foreldre pressa sine verdiar på borna? Dette gjeld ikkje berre idrett. Ein kan finna det same fenomenet i andre samanhengar, som innanfor religion. Ideelt sett skal born få utvikla seg til sjølvstendige menneske, som fritt kan ta sine eigne valg etter kvart som dei veks til.

Idretten klagar av og til over dårlig rekruttering. Kan svaret liggja i at born og ungdom vil vera fri, og ikkje leggja seg inn under åket frå organisert idrett?

Retten skal bruka eit par månadar på denne saka. Det er mange spørsmål å ta stilling til. For meg er det nokså opplagt at det har vore ein usunn atmosfære i heimen, der borna har vore bundne til far sine ambisjonar. Det er nokså opplagt at utan presset på prestasjon, hadde det ikkje vore noko team Ingebrigtsen, eller ein nybakt verdsmeister frå Sandnes.

Fakta vil etter kvart liggja på bordet. Spørsmålet er om det er juridisk straffbart å gje borna ein utriveleg barndom. Det har eg ikkje noko svar på.

Foto Svein Grødaland:
For meg er katten
eit symbol for det gode liv, både i barndom og alderdom.
Den er fri, kan koma når den vil, og gå når den vil.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under:

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: