Dette innlegget blei lagt ut på Svein Grødalands Facebook-side 08.03.2025, og er tillatt attgjeve av Grødaland. Uthevingar ved Politikus.
Svein Grødaland:
Tabu-tema
Det har til alle tider, i alle land og kulturar vore ord som vart rekna som blasfemiske, nedverdigande, stygge. Det vert rekna som vulgært å bruka slike ord. Ikkje desto mindre meinte presten Karsten Isachsen at det burde vera eit lydtett rom i alle heimar der ein fritt kunne sleppa ut frustrasjon og sinne ved hjelp av velvalde ord. Tabu-ord.
Tabu-orda er litt ulike frå land til land. Her heime har dei tradisjonelt vore knytt til religionen. Går me til England, er dei knytte til kropp og kjønnsliv.
Dei siste åra har det dukka opp noko nytt; at ord som før var brukt som ein heilt naturleg del av språket, brått vert tabu. Dette er så voldsomt at det er god grunn til å snakka om ein nypuritanisme. Mektige lobbygrupper står bak. Er det for å omdefinera samfunnet at dei forbyr visse ord? Det kan sjå slik ut.
Historisk sett var det pietistane som sto for puritanismen. I dag har pietismen fått så grundig konkurranse at den gamle banninga har mista kraft og funksjon, frå ein heilt annan kant: den urbane, naive, feminine venstresida.
Brukar einkvan ordet «neger» i dag, ramlar livet bokstavleg talt saman for dei som høyrer på. Aktuelt frå litt tid tilbake: Ein episode i Farmen Kjendis, TV2, der ein deltakar brukte ordet negerku om ei av kyrne. Reaksjonen hos ein del av dei andre er interessant. Hadde me vore nokre ti-år tilbake i tid, hadde ingen reagert. Heller ikkje om dei hadde brukt ein del av dei klassiske banneorda, som faen og herregud. Nokre kunne mislikt det, men ingen hadde falt i krampegråt.
Men det var ingen som gret då de svarte kalla kvarandre for negrar i USA på sekstitalet. (Film om Martin Luther King)
Situasjonen er den at det veloppdragne godtfolk er hundre prosent lydige mot den nye standarden. For det meste. Lydighet kan vera eit problem når den bidreg til å gjera oss til offer for lettbeinte ideologiar.
Kva har hendt? Kvifor? Var det drapet av ein afro-amerikaner, utført av ein kvit politimann i USA som bidrog til å gje fenomenet ny styrke? Fenomenet er nok eldre. Kor finn me dei ideologiske røtene?
Det handlar ikkje berre om påstått rasisme, eller, rettare sagt; kamp mot rasisme.
Det handlar også om kjønnsidentitet, der nokre vert krenka av at det fins andre meiningar en deira eigne. Det er nokre som vert djupt såra og vonbrotne når me held fram at det biologisk og genetisk berre er to kjønn. Det fins nok eit skjellsord for oss. Mot oss som er så gammaldags. Reaksjonen mot forfattar J.K Rowling er typisk.
På den andre sida er det kvinner som reagerer når menn definerer seg som kvinner og deltek i kvinneklassen på idrettsbanen.
Dette kan relativt enkelt summerast opp i eit konstant og intenst press mot oss som tenker og meiner noko anna enn aktivistane. Dei er det mange av, og sakene er bortimot like mange.
Presset omfattar emne som migrasjon. Den som meiner noko anna enn aktivistane, får fort eit stempel få av oss vil ha. Derfor er me forsiktige med å bryta tabuet. (Dette fenomenet er verd ein eigen epistel)
Tida er inne til å stikka hol på ein del av desse tabugreiene. Dei set på sitt verste grenser for ytringsfridommen vår. Eg kjemper for fridommen til å seia det eg vil, når det er aktuelt, og bruka dei ord som passar inn i samanhengen.
Framheva bilete:
Ting kan vera snudd opp ned.
Også det faktiske og verkelege.
Foto: Svein Grødaland
Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt
hvis du fyller ut epostadr under:


