Arne Kverneland:
Hjertesukk 07.03.2025

Stans blodbadet!

Del:

Dette innlegget av Arne Kverneland, utmeldt Rødt-medlem, blei lagt ut på hans Facebook-side seint 7. mars 2025.
Uthevingar av Politikus.

Arne Kverneland:
Hjartesukk den 7.3.2025…

Kor lenge skal denne galskapen halda fram? Dei siste ti åra, og spesielt dei siste tre, har bare ei sanning fått sleppa til:

«Russland er ein imperialistisk aggressor (i Rødt-terminologi) og er eine og aleine skuld i Ukraina-krigen!»

Alle på Stortinget og alle offisielle media, pluss dei fleste statsleiarane i Vest-Europa gjentek denne «sanninga».

Det er mest bare litle eg som går i utakt.

Før eg går vidare, lat meg likevel få seia meg samd med majoriteten om at Ukraina er offerlammet i denne tragedien.

Her er min alternative kort-versjon av soga:

  • Heilt sidan murens fall har Russland blitt dytta på defensiven.
  • På nittitalet rådde fyllebøtta Boris Jeltsin i landet. Han blei attvald i -96 etter profesjonell valkamphjelp frå USA. Motkandidaten, kommunisten Zuiganov vart framstilt omtrent så karismatisk som ein sekk poteter (..stort stykke om det i TIME Magazine…).
  • Under Jeltsin blei Russland plyndra og mange oligarkar blei skapte. Attreising kom så i gang, litt etter litt, frå 1999 av, då Vladimir Putin tok over.
  • Fleire og fleire tidlegare Warszawapakt-land blei innmelde i NATO.
  • I 2008 blei tanken offisielt lufta om at sjølvaste Ukraina også skulle med. Dette trykket auka, med stadig heitare lovnader frå generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg.
  • Viss eg skulle vedda om pengar, ville eg setja dei på at det var NATO-Jens sitt stadige mas om Ukrainsk NATO-medlemskap osv. som fekk begeret til å flyta over. Med amerikanske basar (og dermed rakettar) i Ukraina, ville Moskva bare liggja eit steinkast unna: Skrekkscenario for Kreml.
  • Russland sitt angrep i 2022 verka lite førebudd, og blei dertil klønete utført heldigvis, så Kyiv fall ikkje.

Så, i overmot etter sitt gode forsvar, beordra Zelenskyj ein motoffensiv sommaren -23. Våpen og ammunisjon hadde strøymt inn frå vest, og USA fôra Ukraina fortløpande med posisjonane til russiske stillingar. Dessverre for Ukraina; russarane hadde fått summa seg, forsvarte seg godt, og det er i dag tydelig at landet ikkje vil tapa, verken ved fronten eller økonomisk som følge av sanksjonar.

Ukraina er nå ille ute, men Zelenskyj er ikkje i stand til å forstå når nok er nok. Stadig yngre årsklassar blir sende til fronten, og stadig færre av dei vil koma levande heimatt.

Til samanlikning; då finnane sto med ryggen mot veggen i 1944, etter å ha gått i lag med Nazi-Tyskland mot Sovjetunionen i ’41 («framhaldskrigen»), greidde dei i september -44 å få til separatfred med russarane. Dermed sparte dei titusenvis av liv, og unngjekk å enda opp som ein Sovjet-stat. Freden blei ikkje broten av nokon av partane.

Dessverre er krigshylekora i Vest-Europa stadig samstemte om at Ukraina kan «vinna», bare dei får nok våpen frå vest.

Under NRK-Debatten den 12. september i fjor, var det bare Julie Wilhelmsen frå NUPI som våga seg frampå med denne realistiske spådommen:

«Vi kan komme i en situasjon der Ukraina blør og blør uten at deres forhandlingsposisjon styrkes». Endelig ein fornuftig tanke – men den avviste politikarane i Debatten samstemmig. Meir krig, meir, meir krig!

Her i går presterte eit samla (?) Storting nok eit gullkorn ved å auka våpenbevillingane frå 35 til 85 milliardar. Med dette kan eg slå fast at politikarane våre er av tabloidformat og gjer lettvinte, kunnskapslause, dumsnille og fatale vedtak. Resultatet av deira rause velvilje blir bare at tusenvis fleire unge menn blør i hel på slagmarka, mens Ukraina vert mindre og mindre for kvar dag.

Skal tru kva desse genia på Løvebakken vil seia når krigen stansar og Ukraina ligg der, øydelagt og utblødd. Vil dei skjøna kva dei har gjort?

Neppe…

Ha elles ei fredeleg helg, alle.

 

Framheva bilde:
Falne første verdenskrig:
Fra Verdun.
Bildet er tatt av H. Hach fra Pixabay.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under:

 

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: