Svein Grødaland:

Halal:
Hvem skal bøye seg for hvem?

Del:

Hvis det var oppe på Rødts landsmøte sist helg, ville det ikke vært tvil om at det ville vært et nær enstemmig vedtak om at alle nordmenn må godta, uavhengig av tro eller ikke, å finne seg i å spise halalkjøtt, slaktet på en dyreplagende slaktemetode. Fordi Rødt, som en sjølsagthet, prinsipielt gir alt islamsk forrett i Norge. Alt annet vil være krenking av muslimene, og krenking av de utvalgte er sjølsagt ikke akseptabelt.
Svein Grødaland, som har en annen religion enn den islamske, skriver i dette innlegget at han ikke vil spise kjøtt som er vigsla av en annen religion.
Grødaland spør: «I kor stor grad skal me tilpassa oss skikkane til dei som kjem til landet vårt?» Og legger til: «Eit kravstort Islam er ikkje blyge i sine krav

Svein Grødaland

Innlegget blei lagt ut på Facebook 1. mars i år, og Faktisk.no som sensurerer Facebook, har ikke fjerna innlegget eller lagt inn en korrigerende hale. (Det er bare i USA at sensuren av Facebook er fjerna. Faktisk.no blir betalt av Facebook/USA ut januar 2026 for å sensurere Facebook i Norge. EU truer Facebook/USA med milliardbøter hvis Facebook ikke blir sensurert i Europa.)
Uthevinger av Politikus.

Svein Grødaland:
Halal

Ei av butikkjedene våre har engasjert ei gruppe imamar for å velsigna kyllingane før dei vert slakta. Dermed er det lov for muslimar å eta desse.

Ei heilt nøytral melding. Men ikkje fullt så nøytral likevel. Kva verdiar ligg det her.

Ei sak er at her er det snakk om ein religion som krev lydighet. Ein muslim er ein som underkastar seg Islam si lære og regelverk. Ein muslim er lydig.

Det er vel og bra å vera lydig, inntil ei viss grense.

Det andre momentet er dette: I kor stor grad skal me tilpassa oss skikkane til dei som kjem til landet vårt? Er ikkje det å snu det litt på hovudet? Det rette ville vera at dei tilpassa seg vårt levesett. Det fins eit par andre grupper, jødar og adventistar, som har strengt definerte reglar for kva som er lov og ikkje. Me ser aldri at dei krev at storsamfunnet skal tilpassa seg deira skikkar og ordningar. Eit kravstort Islam er ikkje blyge i sine krav.

Så kjem spørsmålet: Er det rett for kristne å eta kjøt som er vigsla av ein annan religion? Spørsmålet dukka opp alt i aposteltida. Den første debatten handla om kor vidt hedningar, ikkje jødar, kunne verta kristne utan å verta jødar først. Me kjenner svaret. Hedningar trong ikkje gå vegen om jødedommen.

Det andre spørsmålet var kanskje litt meir nærgåande. Kunne kristne eta offerkjøt? Kristne praktiserte ikkje den forma for ofring. Parallellen til halal er slåande. Det kristne svaret var enkelt: Kjøtet vert ikkje ureint av den grunn. For trua sin del, må gjerne den kristne eta offerkjøt, eller halal om du vil. Det er like rett å seia at det vil eg ikkje. Kvar må handla ut frå eige samvit. Også den haldninga er dramatisk for ein religion som krev lydighet.

Vil eg eta halal? Ikkje dersom eg kan unngå det. For min del vert dette til ein stillferdig protest mot ein religion som breier seg ut over alle grenser. Eg tek avstand frå det den religionen står for. I mitt samfunn og i mitt liv er det lov å tenkja sjølv.

Innlegget og bildet er gjengitt her med Grødalands tillatelse.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under:

 

Framheva bilde:
Denne er neppe halal.
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: