Svein Grødaland:

Sannhetens øyeblikk

Del:

Innlegg frå Svein Grødaland si Facebook-side, attgjeven i samsvar med tillatelse fra Grødaland. Det første frå 02.03.2025.

Svein Grødaland:
Sannhetens øyeblikk

Kva er verst, munnhoggeri under ein pressekonferanse, eller fleire tusen falne på slagmarka? Ordskiftet mellom Trump og Zelenskij er, sett på spissen, bedre diplomati enn fleire falne på slagmarka, mange av dei er der mot sin vilje. Nei, gode fb-venn: Ingen ting er bedre enn at ting kan klargjerast ved bordet.

Zelenskij er blitt så van med å verta hylla av oss, at han er djupt sjokkert over å møta mostand.

Trump på si side framstår som sterk, med alle dei beste korta på si hand. Utan USA er krigen i Ukraina tapt på få dagar. Ingenting er bedre enn at det skjer. Det burde vore gjort for lenge sidan. Alt for mange, både russarar og ukrainarar, er drepne på vestleg maktpolitikk sitt alter.

Ting vart klargjort med ord i staden for med våpen. Kvasse ord? Javisst. Diplomatisk? På ingen måte.

Så må eg innrømma at dette er god underhaldning. Reine ord for pengane.

 

25.02.2025 skreiv Grødaland:

Det tek ikkje slutt

Om nokon trudde at Trump ikkje har fleire kort på hand, tok dei feil. Denne gongen er arenaen FN.

FN har nå vedteke ein resolusjon med krav om at Russland trekker sine styrker ut av Ukraina. Både USA og Russland røysta mot. Men Europa røysta for, bortsett frå Ungarn.

Her er meir: Sikkerhetsrådet vedtok ein resolusjonforslag frå USA som krev slutt på krigen i Ukraina og varig fred mellom Russland og Ukraina. Dei europeiske medlemmene let vera å røysta. Russland og USA røysta for.

Her er endå meir:
President Zelenskij sitt mandat som president gjekk ut i 2024. Nå har den ukrainske nasjonalforsamlinga nekta å forlenga Zelenskij sitt mandat med 226 røyster mot 218 røyster. Delegasjonen frå EU som var i Ukraina i samband med markeringa av at det er tre år sidan invasjonen, skal ha vore til stades under denne røystinga.

@GudadzeLevan

The Verkhovna Rada resolution on extending Zelensky’s powers «until the newly elected president of Ukraine takes office» failed in the vote.

218 deputies voted for the document, with 226 required.

Only the legitimacy of the Verkhovna Rada has been extended.

Eg har ikkje sett noko på våre media om vedtaket i den ukrainske nasjonalforsamlinga Verkhovna Rada.

Nok ein gong: Kva nå? Det ser ut til at USA og Russland finn saman i ein felles politikk. Til beste for kven? Truleg kvarandre. For oss i Europa betyr det større avstand til USA. Det vert sett endå ein strek under det faktum at USA ikkje er så opptekne av oss i Europa. Det burde ikkje vera overraskande, all den tid me veit at det amerikanske folket er mest opptekne av sine eigne saker. Europa er blitt ein utgiftspost, og kanskje innteke rollen som den plagsomme veslebroren som skal vera med på alt.

Eg ser at våre norske politikarar slit med å erkjenna den nye situsjonen. Dei argumenterer stort sett som før; meir våpen til Ukraina for at dei skal ha best mogleg posisjon i fredsforhandlingane. Eg vert meir og meir sikker på at nokre politiske kort vert samla inn og delt ut på ny. Ukraina får nye grenser, litt lenger vest enn før. Nato er sett i spel. Vil EU overta rollen som europeisk militærmakt? Eg har sett røyster som har ymta om det, til og med gått så langt at EU bør omdannast til eigen stat, gjerne i form av ein føderasjon der den enkelte nasjonen har sjølvstyre på utvalde punkt. Korleis likar me det? Kanskje viktigare: Kva tykkjer tilhengarane av norsk medlemskap i EU om spørsmålet?

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under:

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: