Fra Svein Grødalands Facook-side, gjengitt med hans tillatelse.
Svein Grødaland:
Det er ein ting siviliserte menneske taklar dårleg:
Uvisse og venting.
Berre for eit par veker sidan, var alt trygt og godt. Det var krig i Ukraina, og vesten og Nato er solidarisk med folket i Ukraina og deira kamp mot sjølve Fienden, Russland.
Så byrjar ting å skje. Trump og Putin har snakka saman. Dermed byrja panikken å spreia seg. J.D. Vance held tale til Nato-toppane sitt møte i München. Panikken er komplett. Det bugnar av innspel, både politisk og i media. Ingen klarer å halda heile oversikten. Her kjem eit lite utdrag:
Det Trump gjer nå, har sin parallell i Gorbatsjov sitt forsøk på å mildna situasjonen i Sovjet. Dermed slapp han laus ei lavine av hendingar. Sovjet rakna, og mange land vart sjølvstendige.
Nå kan Nato rakna.
Andre seier at det er mange år sidan Nato rakna. Europa har trøysta seg til ein sikkerhetsgaranti som ikkje er verd meir enn den politiske velviljen i USA. Nato fekk aldri prøva seg på det som var primæroppgåva: Bistå eit anna medlem i tilfelle krig. Nato sitt utstyr og mannskap er blitt brukt til heilt andre ting, som stort sett har tent til å redusera organisasjonen sitt gode namn og rykte utanfor Europa.
Laurdag hadde Klassekampen eit lengre innlegg med tittelen Angrepet på USA. Fienden var intern, Trump. Artikkelen meiner at Trump har demontert demokratiet og gjort seg sjølv til diktator. Artikkelen gløymer det viktige momentet: Kvifor? Kor demokratisk er demokratiet i USA? I kor stor grad vert det lagt til rette for at alle skal kunna ha eit godt liv?
I Europa riv herskarane seg i håret over at dei vert haldne utanfor i forhandlingane. I tre år har dei vore like klare på at dei ikkje har vore ein del av krigen. Då er det nokså rimeleg at dei slepp å vera ein del av fredsprosessen? Det held å ta heim det som måtte vera att av våpendonasjonar.
Kva nå? Overskrifta viser til den uvissa som råd etter krigen og etter ein eventuell avtale. Her er mange skjær i sjøen. USA er klar på sin rolle. Russland likeså. Begge vil ha fred og auka samhandel. Europa likar ikkje dette.
Det er dei som spør seg om ikkje alle statar med felles grense med Russland burde vera nøytrale. Er vinteren kald og stabil nok, manglar det ikkje mykje på at ein kan gå turrskodd frå Alaska tilRussland, eller omvendt. Det er ikkje lange biten.
Tanken er god, men neppe realistisk. Her heime bør topp prioritet vera å re-etablera det gode tilhøvet me har hatt til Russland i generasjonar.
I staden vert folk gripne av panikk. Kva om russarane kjem og tek oss? Det er ein gammaldags og destruktiv tanke.
Det er som sagt vondt å venta på det uvisse. Få handterer det. Færre i den politiske eliten gjer det.
Det kan ta tid å få brikkene på plass. Europa havnar i eit vakum til ting er avklart. Det som er nokså sikkert, er at det vil ta lenger tid om Europa skal sitja ved bordet. Det andre som er nokså sikkert, er at dette kjem til å endra Europa.
Foto: Ingen ting varer evig.
Svein Grødaland
Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt
hvis du fyller ut epostadr din her:


