Etter München:

Litt til ettertanke

Del:

Innlegget er henta fra Svein Grødalands Facebook-side og gjengitt med hans tillatelse. I en kommentar i en tråd på Facebook skreiv jeg: Nato-motstanderne fikk rett: Du kan aldri stole på en stormakts løfter, ikke en gang den påstått ufeilbarlige og 110 prosent riktige guden USA. Det er nærmest hovedregelen at storebroren som beskytter blir okkupanten. Verden er ikke som de moralske misjonærene preker, det er heller som Rudolf Nilsen skreiv at «intet er mer som skrift i sand, enn løfter om kjærlighet».
Ove Bengt Berg, Politikus

Svein Grødaland:
Litt til ettertanke

Det ser ut til å roa seg litt etter ei grundig utblåsing dei siste dagane. Vesten slikkar sviskadene etter Vance sitt innlegg på Natokonferansen. Nokre vi senda våpen, andre snakkar om fredsbevarande styrker til Ukraina. Dei må i så fall plasserast mellom ukrainske og russiske styrker. Berre tida vil visa kva som skjer vidare.
Det einaste som er rimeleg sikkert, er at det vert forhandlingar mellom USA og Russland. Det er delte meiningar om kven andre som skal vera med.

Svein Grødaland

Når krigen er over, er det vinnarane som dikterer premissene. Denne krigen har heile tide vore mellom USA og Russland, med Ukraina som slagmark og vesten som aggressiv part. Nå er krigen tapt, rett og slett fordi USA har bestemt at nå er det nok, pluss at Ukraina har tapt terreng dag for dag. Sutrekoppen Zelenskij har lite å bidra med i desse forhandlingane. Kva som verre er: Han har vore den største krigshissaren av alle, då han gjekk inn i rollen som president. Han har ikkje gitt seg. Nå vil han få etablert ein ståande hær i Europa. Eg oppfattar responsen som ein smule lunka.

Det er ei logisk utvikling dersom ein aksepterer det faktum at det var USA som sette i gang prosessen som førte til krig.

Den verkelege makta i Nato har alltid vore USA. Det dukka opp ei interessant setning i eit innlegg: Det er USA åleine som bestemmer om Nato skal engasjera seg i ein krig der eit medlem vert invadert. Dersom dette stemmer, har Europa vore svært naiv i si tru på at USA har vore vår garantist for fred. Det har dei berre vore så lenge det passa amerikansk interesser. Nå er fokus eit anna.

Den militære og operative leiinga i Nato held til i USA. Generalsekretæren er berre ein frontfigur eller talsmann med avgrensa makt. Han kan ytra ei meining, så sant den ikkje har for grovt avvik frå Pentagon.

Nå har USA har sett ned foten. Nok er nok i Ukraina. Denne krigen har heile tide vore mellom USA og Russland. Vesten har tapt. Sutrekoppen Zelenskij har lite å bidra med i forhandlingane om fred og framtid. Tida er inne til at Europa både må revurdera plass og politikk overfor ein ny situasjon.

Både Zelenskij og Europa må finna seg i at det er situasjonen på slagmarka som styrer forhandlingane, og at me er tapande part.

Dette er ein logisk konsekvens av at det var USA som sette i gang prosessen som førte til invasjonen i Ukraina. Kravet var enkelt: Ukraina skal ikkje inn i Nato, og myrderia mot etniske russarar i aust-Ukraina måtte stoppast. Desse vart omtalt som russiske seperatistar i våre media før invasjonen.

Det er makta som rår, sa mannen, han heiv ut katten.

Uthevingar av Politikus

Framheva bilete:
Foto:
Svein Grødaland

Du kan få nye innlegg
fra Politikus
gratis

ved å fylle epostadressen din 
i feltet under.

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: