Svein Grødaland:

Eit vitnemål

Del:

Eg har vore med i eit par religiøse grupper på Facebook. Det har handla om forsvar av trua, eller ukritisk deling av bibelord i hytt og vær, blanda med litt vas om at Den Heilage Ande har minna dei om å seia ditt eller datt. Felles for begge var at dei kasta meg ut etter ei tid.
Det var kanskje like greitt. Eg passar ikkje inn i karismatiske miljø der dei kappast om å vera mest mogleg kristeleg. Mest av alt var det interessant å sjå kva som rører seg i slike miljø. Eg er både sjokkert og forundra over kva som vert rekna som viktig.
Sjølv har eg to ting som ligg i botnen for mi eiga tru. Det eine er undringa over Livet, ei aning om at det er ting der ute som ikkje let seg fatta med fornuft eller vitskap. Det andre er ein elementær teologisk basis i form av eit grunnfag. Min kritiske sans. Det er forsiktig sagt at mine religiøse instinkt kolliderer kraftig med ein del innlegg i desse gruppene.
Det er ikkje usemja som provoserer mest. Den lever eg godt med. Det er den bastante «besservissen» som kjem til uttrykk. Her vart jord og univers skapt for seks tusen år sidan. Det vert ført vidløftige drøftingar om kor vidt Adam og Eva var historiske personar eller ikkje. Det gjekk på trua laust å vika i slike «sentrale» saker. Arme menneske.
Eg var i nærleiken av dette i yngre år. Ikkje fullt så rabiat som det eg refererer til her. Eg kjenner att kjensla av å ikkje nå opp til det religiøse idealet, både det som kom til uttrykk i Boka, men kanskje endå meir det som kom til uttrykk i miljøet. Du kan ikkje lesa slikt, du som er kristen, heitte det gjerne.
Heile tida visste eg at dette ikkje var meg. Det gav meg ingen ting å be, korkje privat eller med rumpa i veret på bønnemøte. Det vart tomt snakk til stolryggen eller til taket. Det var ei tid då eg prøvde å leva opp til det vedtekne idealet. Eg undra meg ofte over kor mykje religion eg måtte prestera for å vera innanfor.
Det gjekk sjølvsagt som det måtte gå. Heile greia kom på avstand, og det vart etter kvart rom for å distansera seg. Nokre vart stadig meir krampaktige. Nokre få var ekte. Det var ei eiga ro over dei, ei ro dei neppe var klar over sjølv. Få av dei var leiarar, i beste fall respekterte av dei andre.
Det skulle gå mange år der alt dette ikkje vedkom meg.
Eg har teke til å erkjenna at det er ein religiøs dimensjon også i mitt liv. Den er undrande, ikkje dogmatisk. Eit paradoks: Teologien hjelper meg til å rydda i eigen tanke og forstå kaoset rundt meg. Eg har i tillegg opplevd ein del ting som aukar undringa og slår hol på skråsikkerheten.
Det vesle eg kan av teologi, brukar eg til å stikka hol på andre sin skråsikkerhet. Eg har litt moro med slike debattar, til ei viss grense. Når den grensa er nådd, kjenner eg på at dette gjer noko med meg, noko som ikkje er godt. Det stressar og smerter å møta denne muren av fasitsvar og bastante haldningar, der teologiske bagatellar vert blesne opp til testpunkt på tru og bibelsyn.
Henta fra Svein Grødalands Facebook-side attgjeve med løyve frå han.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland
Du kan få nye innlegg
gratis fra Politikus
Det er bare å fylle ut
epostadressen din i
feltet under 

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: