Svein Grødaland:
Senterpartiet skal ikkje diktera
Norge sin politikk overfor Europa, seier Arbeiderpartiet.
Neivel. Kvifor skal Arbeiderpartiet bestemma?
Her kan Senterpartiet stå med rak rygg, medan Ap står med lua i handa, overfor EU, i panikk for kva lysluggen i USA måtte finna på. Ap trur at sjølve Fanden har sloppe laus, og kan finna på allslags dævelskap for oss, om me ikkje søker ei trygg hamn i EU. Kor trygg er den hamna?
EU treng Norge meir enn me treng EU, seiest det. [Lenke lagt inn av Politikus].
- Me har verdfull energi, olje og gass. Me har vår eigen reine elektrisitet. Me har eit par utfordringar. Sjølvforsyning er ei av dei.
- Me har Statens Pensjonsfond Utland, som vert brukt til alt anna enn pensjonar. Fondet har satsa på tvilsomme amerikanske verdipapir, som satsinga på KI.
- Me har fullt av tvilsomme prosjekt, der utanlandske firma har fått oppdraget ut frå pris. Kva hjelper det med billigast, når kvaliteten er så som så? Det hadde vore god økonomi å gje oppdraget til norske firma.
Folk er grunnleggjande konservative. Dei vil ha det slik det alltid har vore. Ungdommen trur at me alltid har hatt det slik me har det nå. Det stemmer ikkje. Det var ei tid før EU tok makta over straumen at den var infrastruktur som skulle leverast til kostpris. I den tida hadde me dobbel straummålar, ein som målte totalen, og ein som målte når forbruket var høgt. Dermed passa me på at wattmeteret ikkje gjekk over den avtalte grensa. Då vart straumen dyr.
Dei yngre generasjonane hugsar ikkje dette. Dei har aldri høyrt om det. Det er ut frå dette perspektivet me bør drøfta energi. Det fins andre måtar å tenkja straum på.
Foto: Svein Grødaland.
Me kunne køyra gratis nokre månadar
i denne tunellen fordi det utanlandske selskapet
ikkje klarte å ordna bomsystemet tidsnok. (Ryfast)
Få innlegg fra Politikus
gratis tilsendt.
Bare skriv inn epostadressen
i ruta under.


