Dette innlegget la Arne Kverneland ut på sin Facebook-side 25.01.2025. Det er gjengitt her med hans tillatelse.
Arne Kverneland, Stavanger, 25.1.25:
SÅNN,
så var det gjort, og eg er fri og partilaus igjen.
Ukrainakrigen omvende brått partiet Raudt frå å vera eit alliansefritt parti til i praksis å støtta NATO. I det siste året har Raudt sete bomstille i den utanrikspolitiske båten, bortsett frå i samband med Israel si bombing, og den er det jo lite usemje om. NATO blir aldri nemnt.
Misforstå meg rett; for Ukraina og det ukrainske folk er den russiske «spesialoperasjonen» ein rein, uprovosert og morderisk terrorkrig med landnåm i sikte. Eg frikjenner ikkje Kreml, men går ikkje med på at det russiske angrepet var uprovosert. Hovudmotstandaren har heile tida vore NATO med sine planar om å ekspandera mot russargrensa, praktisk talt sidan Warszawa-pakta gjekk i oppløysing. I dei siste åra må NATO-Jens ha skremt Putin dugeleg med si høglydte øyrekviskring til Zelenskyj om attvinning av Krim, pluss NATO-medlemskap:
Som kjent sette USA opp atomrakettar i Tyrkia i 1961, og det blei starten på Cuba-krisa. Med NATO i Ukraina, ville amerikanske basar ha poppa opp bare eit drygt steinkast frå Moskva. Det måtte ikkje få skje.
Dessverre, partiet «mitt», der folk burde kjenna til dette, har feiga heilt ut — sikkert for å halda seg i det gode selskap (..eller kva veit eg…), så nå går partiet i «bombetakt» med resten av Stortinget. Resultatet er at Ukraina blør i hel, både bokstaveleg og materielt.

(..skjermdumpen viser fredsforskar Julie Wilhelmsen
under den nordiske NRK-debatten,
den 12.09.2024. Den eine setninga seier det meste…)
Heldigvis, nå som eg er fri og frank att, kan eg seia og gjera stort sett som eg vil. Eg oppmodar derfor Stortinget til å halda tilbake dei siste våpenmilliardane så blodbadet kan stansa. Desse milliardane blir det evig nok bruk for når Ukraina skal byggjast opp att.
Nå er det så at eit lesarinnlegg av denne sorten aldri ville få plass i noka norsk avis, så derfor får eg plaga dokke i staden – sorry.
Ha elles ei fredeleg helg alle. På tide å tørka saltlaken av vindaugo her, etter stormen (..ja, de kan tru …).
Helsing
Arne
Framheva bilde:
Foto: Maximilianovich fra Pixabay


