Svein Grødaland:

Om uvær og litt om klima

Del:

Svein Grødaland:
Om uvær og litt om klima

Skal me heller snakka om uvilje mot å leva i pakt med naturen? Definisjonen på uvær er svært individuell, ut frå kor ein er i livet og kor ein er geografisk. Eg sit ved stoveglaset og skriv. Ute ligg snøen kvit. Av og til kjem det nokre vindkuler som virvlar opp litt snø. Fint å sjå på. Ikkje fullt så fint dersom eg har tenkt meg ut.
Alle snakkar om været. Ingen kan gjera noko med det. Det er best at det er slik. Skulle nokon klara å gjera noko med været, ville det verta ein politisk katastrofe. For; kva er fint vær, og kva er uvær?
Fint vær er sol og varme når bøndene skal ha inn korn og høy. Byfolk kan dela det ynskjet, av litt andre grunnar. Bønder treng både varme, sol og regn for at dyra skal få mat og frukt og grønt skal kunna veksa.
Det er vær på feil tid og mengde som gjer at bønder kan snakka om uår, vær på rett tid er
garantisten for eit godt år.
Det går ei historie om folket på Finnøy og Fogn, to øyar i Ryfylke. Etter ein periode med berre sol og varme, byrja avlingane å svi. Turka. Folket her er eit fromt folkaferd (var?), så folket på Fogn bestemte seg for å be Vårherre om regn. Dei vart bønhøyrde så det heldt. Det fekk finnøybuen til å sukka oppgitt:
– Det er greitt at dei på Fogn ber om regn. Men, dei får be med måte.
Ein heilt annan ting. Nå har makt og media i fleire år prøvd å planta panikk for at klimaet skal verta varmare. På våre breddegrader kunne det gjort seg med litt lunare klima. Me bur ut utkanten av den delen av kloden der det kan bu folk. Hadde me ikkje hatt golfstraumen, hadde Norge våre lite attraktivt for innvandring. Det hadde nok helst blitt utvandring til eit varmare land. For å seia det rett ut; kvifor er det ingen som snakkar høgt om fordelene ved eit mildare klima? Historia kan fortelja at gode tider heng saman med mildare klima. Omvendt med dårlege tider.
Ei klimakrise, om eit trur på det dogmet, kan aldri verta global. Det einaste som skjer, er at dei tempererte sonene flytter mot høgare breiddegraderm mot Nordkalotten. Land som Canada, Grønland, Russland, Alaska vil dra fordeler av nokre ekstra varmegrader. Rart at ingen har tenkt på det før?
Henta fra 
Svein Grødalands Facebook-side
med hans foto og hans tillatelse.

Du kan få nye innlegg

fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under

Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt 
hvis du fyller ut epostadr under: