Dette er henta frå Svein Grødalands Facebook-side 30.12.2024 og gjengitt her med hans tillatelse.
Hærverk
– må vera hæren sine gjerningar. Spesielt dersom me ser til Gaza. Det var ikkje stort bedre under det me her heime kalla Krigen. Den gongen vart mest heile Europa øydelagt.
I mi studietid fans det ennå fredsrørsler. I samfunnsfag var me opptekne av nedrusting. Får me nye SALT-avtalar? (Strategic Arms Limitation Talks) Dette var i 1972, ei tid som var prega av ein smule optimisme på dette punktet. Sovjet var sterke nok til å halda USA og Europa i øyrene. Begge sidene var redd kvarandre, og motivert for å redusera redsla for krig.
Israel var som vanleg i krig med ein av naboane. Det var uro i Nord Irland, og USA heldt ennå på i Vietnam. Det var i tillegg nokre konflikter utanfor vårt interesseområde. I Afrika. Me er gjerne litt nærsynte slik.
Det er over førti år sidan 1972. USA tapte etter kvart krigen i Vietnam. Sidan har dei tapt kvar einaste krig dei har vore med i, eller bidrege til. Europa vert meir og meir USA sin lydige vasall.
Me skriv snart 2025. Situasjonen er blitt meir dyster på desse åra. Sovjet falt, medan USA vart fyllt av overmot. Hybris. Nå skulle Russland erobrast, ein gong for alle.
Det starta med å få så mange austblokkland som mogleg med i Nato. Det vart etablert militære basar rundt heile Russland. Kina bygger seg opp som ny økonomisk stormakt. Tiltak: Hangarskipdiplomati. Taiwan er det vestlege alibiet for å hissa til krig også mot Kina. USA ligg klar og ventar på at Kina skal gjera noko dumt.
USA har i si tid anerkjent at Taiwan er ein del av Kina. Det er gløymt. Nå må Taiwan sikrast som demokratisk knutepunkt i Asia, saman med Japan og Sør-Korea.
Ein kan lura på om Sør Korea de facto er ein koloni under USA med materiell rikdom som pant. Historia med untakstilstanden reiser ein del spørsmål. Kven sto bak den?
Så har me fått krigen i Ukraina. Den passar fint inn i dette biletet; USA sin krig mot Russland med Ukraina som slagmark. Det er dei som meiner at folket i Ukraina meir enn gjerne ofrar både liv, helse og land for å slåss mot Russland.
Kva nå? Nokon må tapa desse krigane. Det er nokså sikkert at Vesten taper nok ein krig, i Ukraina. Israel ekspanderer både med tanke på krig og land. Dei hissar på seg land etter land. Libanon, Syria, Jemen, Iran. Og bak alt dette ligg USA.
Foto: Frå rivinga av Nærbø meieri.
Svein Grødaland.
Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt
hvis du fyller ut epostadr under:


