Dette innlegget er henta fra Svein Grødalands Facebook-side 28.12.2024 og er gjengitt med hans tillatelse:
I eit langt, historisk perspektiv er kapitalismen destruktiv. Då ser eg bort frå at det til alle tider har vore menneske som har hatt meir rikdom enn alle andre. Kapitalismen bygger på to premiss.
Det eine er at det vart god butikk å handla med pengar, på børs, ved å låna ut pengar, aksjer, verdipapir. Slikt ender alltid med at bobla sprekk.
Smak på ordet «verdipapir». Det kan gje eigaren rett til å henta ut ein fordel ved å levera frå seg dette papiret. I seg sjølv er det ikkje verd noko som helst. Det er grunnen til at eg er litt uroleg for oljefondet vårt. Det er ikkje hard valuta i form av olje eller gull på lager som står for den største auken. Det er rein spekulasjon i flytting av verdipapirer, kjøp og salg. Skulle det koma eit globalt børskrakk, kan verdien av dette fondet fort verta ned mot null.
Den andre greia ved kapitalismen, er denne spiralen: Auka produksjon fører til auka kjøpekraft og ditto forbruk. Eit stykke på veg er dette positivt. Ein dag vert det for mykje av det gode. Veksten kveler seg sjølv. Reklamen fyrer opp under denne galskapen.
I dag har me overvunne den førindustrielle «mangelen» på varer. Nå er det største problemet vårt rovdrift på ressurser, forsøpling både med gammaldags søppel, plast og kjemikalier. Dei færraste kjenner innhald og verknadar på oss og naturen på lang sikt. Her er det grunn til uro. Få bryr seg.
Framheva bilde:
Svein Grødaland.
Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt
hvis du fyller ut epostadr under:


