I 1968 melde Svein Lund seg inn i Sosialistisk Ungdomforbund, «ein av forgjengarane til Raudt.» «Sidan da har eg, trass alle feil og manglar, hatt tru på etterkomarane som det beste alternativet», skreiv Svein Lund. I eit innlegg i Klassekampen 09.12.2024 skreiv Lund eit innlegg han ga overskrifta «Raudt blir blått – det endelege sviket». Underteikna «tidligare Raudt-veljar».
Her skriv Lund «at partiet Raudt har begått sjølvmord. Med vedtaket om å ville gå inn i regjering har partiet fråsagt seg sin eksistensberettigelse og gått over til den blå sida. For nokre regjeringstaburettar svik ein det partiet har stått for.»
Lund fekk svar i Klassekampen 18.12.2024. Ikkje av leiaren i Raudt. Men av Terje Kollbotn, med i den leiande Ukraina-troikaen i Raudt med Lars Borgersrud og Boye Ullmann.
Først kjem her Lunds innleiande innlegg, så svaret mot kritikken av innlegget hans. Gjengitt med hans løyve. Synspunkt frå Facebook mot det siste innlegget er referert.
Svein Lund:
Raudt blir blått – det endelige sviket
Klassekampen 09.12.2024
I dag kom den endelige meldinga om at partiet Raudt har begått sjølvmord. Med vedtaket om å ville gå inn i regjering har partiet fråsagt seg sin eksistensberettigelse og gått over til den blå sida. For nokre regjeringstaburettar svik ein partiet har stått for.
Den regjeringa det er snakk om vil vere ei regjering dominert av Ap, med Sp, SV, Raudt og MDG på slep. Det vil bli ei regjering for Vesten mot Resten. Bygd på NATO-medlemskap, Noreg som ein aktiv deltakar i USA-imperialismen sin kamp for verdsmakt, for krig mot Russland og Kina. Bygd på EØS-avtalen og kapitalen sine 4 fridomar. Bygd på oljefondet som middel i den internasjonale storkapitalen si utbytting av fattigare delar av verda. Det vil vere ei regjering for fortsatt auke i det uforsvarlige forbruket i den rike del av verda, for utarming av ressursane og rasering av naturen på globalt plan.
Det vil vere ei regjering for auka naturrasering for kraftutbygging og gruvedrift, for ei oppdrettsnæring som øydelegg fiskeressursane i fjordane og lakseelvene. Det vil vere ei regjering som øydelegg naturgrunnlaget for samisk kultur. Det vil vere ei regjering for ein gjennomført borgarlig politikk med mangemilionærar i leiinga.
Denne regjeringa er Raudt villig til å gå inn i. Det er det endelige farvel til den rolla som partiet med forgjengarar har hatt, som eit solidarisk og sosialistisk alternativ, for å støtte og bidra til organisering av kamp nedafrå. frå arbeidarklassen, miljørørsla og alle undertrykte. Som tidligare SV-leiar Kristin Halvorsen ein gong sa: «Ein sit ikkje litt i regjering.» Sit ein i regjering gjør ein det med heile hovudet, med beina i fotlenker og med armane i handjern.
Med Raudt i regjering vil vi ha eit storting utan ein reell opposisjon. Den opposisjonen som er mot den borgarlige, krigerske og miljøfiendtlige politikken vil ikkje ha talsfolk i verken Stortinget, fylkesting eller kommunestyrer. Det vil ikkje lenger vere noko parti som ser det som si oppgåve å bidra til å styrke denne opposisjonen.
Endringa frå eit raudt til eit blått parti har ikkje skjedd over natta. Det er fleire år sidan Raudt svikta ansvaret overfor miljøet og dei globale utfordringane med å erklære «Forskjells- Norge» som si einaste hovudoppgåve. Det neste store trinnet kom i fjor med støtte til USA sin krig mot Russland med Ukraina som offer og med støtta til NATO sin opprustningspolitikk. Ønsket om regjeringsdeltaking var det tredje trinnet, som viser at partiet sin overgang er endelig. No slår lakmustesten ut på blått.
For oss som enno ønsker eit sosialistisk samfunn og ei rettferdig verd, ein veg ut av miljøkrisa, klimakrisa, ressurskrisa og krigspolitikken er ikkje lenger Raudt ein mogleg reiskap.
Det er 56 år sidan eg meldte meg inn i ein av forgjengarane til Raudt, som da heitte Sosialistisk Ungdomsforbund. Sidan da har eg, trass alle feil og manglar, hatt tru på etterkomarane som det beste alternativet. For meg forsvann i dag den aller siste vona om betring. I dag har Raudt begått sjølvmord, og det finst det som kjent ingen kur mot. Liket må begravast og vi må starte bygginga av noko nytt.
Svein Lund
tidligare Raudt-veljar

Terje Kollbotn sitt innlegg startar med
«tidlegare Raudt-veljar Svein Lund eit oppsiktsvekkjande innlegg: Partiet Raudt gjorde fredag 6. desember politisk sjølvmord! Det påståtte sjølvmordet skjedde ved at partileiar Marie Sneve Martinussen offentleggjorde eit samrøystes vedtak i landsstyremøtet i november, med overskrifta Maktstrategi 2025. I dette vedtaket heiter det mellom anna:
«Rødt jobber for å skape faktisk forandring og oppnå størst mulig politisk gjennomslag. For Rødt er endringer som kraftfullt utfordrer eneveldige kapitalaktører, EØS-avtalen og stormaktsinteressene, og flytter makt til folk flest, et grunnleggende mål. Derfor er det en forutsetning for regjeringsdeltakelse at det fører til forandring av denne type. Vår vurdering er at en avtale med et flertall til venstre for midten er mer aktuelt i kommende stortingsperiode, og at vi kan oppnå mer gjennom samarbeid fra Stortinget, i samspill med folkelig engasjement utenfra, enn det andre partier har tidligere har vist som juniorpartner i regjeringsforhandlinger bak lukkede dører».
Marielle Leraand har på sin Facebook-side lagt ut Lunds siste innlegg. Det førte til en del diskusjon. Hovedpoenget i forsvaret for Rødt og imot Svein Lund var at Rødt kjempa for det nasjonale sjølstyret verden over for enhver stat uansett. Underforstått, at hovedkonflikten i verden står mellom nasjonenes sjølbestemmelsesrett. Ikke mellom verdens mektigste staters rivalisering om verdensherredømme.
Og i tillegg til støtte for regjeringserklæringa at Rødt-medlemmer er på gata og kjemper for nasjonenes sjølbestemmelsesrett og ellers kjempa for arbeidernes arbeidsmiljø og lønn. Opprusting av Norge med hjelp av USA-baser blei støtta fordi i motsatt fall ville Norge bli okkupert av Russland.
Svein Lund svarte Terje Kollbotn 20.12.2024:
Jo, Raudt er daudt!
Terje Kollbotn forsvarar i Klassekampen 18. desember Raudt mot kritikken min av ønsket om regjeringsdeltaking. Han meiner eg før eg uttalte meg skulle ha lest ein masse bakgrunnsmateriale. Det treng eg ikkje. Det er nok å lese vedtaka og sjå i kva samanheng dei kjem.
Vedtaket om regjeringsdeltaking kjem i oppladinga til eit stortingsval. Det er ikkje eit prinsippvedtak for ein hypotetisk situasjon ein gong i framtida, der det ville vere mogleg med ei regjering som kunne føre ein uavhengig og sosialistisk politikk. Det er eit vedtak for Stortingsvalet 2025. Det er dette valet som skal føre Raudt inn i regjering. I ei regjering der Ap trass alle dårlege målingar framleis vil vere storebror. Ei regjering som i all hovudsak vil styre på grunnlag av Ap sin politikk, med Nato- og EØS-medlemskap, med styrking av oljeutvinning, vindkraftutbygging, gruvedrift og oppdrett, på kostnad av naturen og primærnæringane. Det var ei slik regjering SV gjekk inn i for snart 20 år sidan, og det er ei slik regjering no Raudt vil inn i. Det er realiteten, alle store ord om at denne regjeringa skal føre ein annan politikk er berre draumar og spel for galleriet.
Kollbotn vil kjempe for ein fredspolitikk. Men korleis skal ein gjere det med eit parti som allereie er eit krigsparti? Ikkje nok med at Raudt røystar for våpen til USA sin krig mot Russland med Ukraina som offer og kanonføde: Partiet røystar også for eit opprustingsforlik på Stortinget; for å styrke eit Nato som no er meir aggressivt enn nokon gong. Med tilslutninga til dette har Raudt sjølv fjerna det største hinderet for regjeringsdeltaking. Støre opnar enno ikkje døra: Han vil vel først sjå kor flatt han kan få Raudt å legge seg før han slepp partiet inn i varmen. Det gjenstår berre for leiinga i Raudt å få tilpassa prinsipprogrammet til den nye politikken, så ventar det godt betalte taburettar ved Støre og Kongen sitt bord.
Der Noreg framleis kan vere ein ivrig handlangar for verdas største militærmakt og verdas verste undertrykkar og krigshissar. No fullstendig utan opposisjon. Det er eit tungt ansvar Raudt har tatt på seg. Det er eit svik fullt på linje med det dei sosialdemokratiske partia sto for i 1914 da dei støtta kvar sine makter i å gå inn i den første verdskrigen. Historia vil døme dei like hardt for dette totale sviket når no Raudt går inn i den tredje verdskrigen under USA-imperialismen sine venger.
Framheva bilde:
1. mai-paroler mot
Ap-politikken
01.05.2019.
AP vant kampen for nedskjæringer.
Rødt reverserer høyredreininga i regjering?
Foto: OBB/Politikus
Skrivefeil retta
29.12.2024 kl 12.01
Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt
hvis du fyller ut epostadr under:


