Dette innlegget la Olav Randen ut 21.11.2024 på sin egen Facebook-side. Det er gjengitt her med hans tillatelse.
Politikus
Olav Randen:
Forsvarspolitikk og desinformasjon
I ein periode etter Berlinmurens fall vart forsvaret og forsvarsbudsjettet grovt forsømt, hevdar dagens politiske elite. Talsmenn for ulike parti brukte likelydande ord då forsvarsforliket vart behandla i Stortinget 4. juni i år.
«… etter slutten av den kalde krigen, var det realnedgang i forsvarsbudsjettene fram til midten av 2010-tallet», sa saksordførar Ina Eriksen Søreide frå Høgre. «Vi kan litt forenklet si at i de siste godt og vel 30 årene har vi bygd ned Forsvaret, tatt ut fredsgevinsten og prioritert andre områder», sa Aps Nils-Ole Foshaug. «Dagens forsvar har over tid gradvis blitt bygget ned», sa [tidl.] Frps Christian Tybring-Gjedde. «Siden den kalde krigen har skiftende regjeringer bygd ned det norske invasjonsforsvaret …,» sa Raudts Bjørnar Moxnes.
Den samrøystes vedtekne auken i forsvarsløyvingane frå vel 90 til vel 150 milliardar om 12 år har dette som bakteppe. Men er det sant?

Den første figuren over er laga av SIPRI, Stockholm International Peace Research Institute, og viser militære kostnader i milliardar 2022-dollar. Etter murens fall kom ein sterk, global nedgang, i tre år nesten 40 %, i militærutgifter. Dei tidlegare Sovjetlanda inkludert Russland stod for mykje av nedgangen, USA noko og andre land noko.
Eit nytt verdsbilete teikna seg denne tida. Omfanget av krigar gjekk ned, meir av lands budsjett kunne brukast til å føre folk ut av naud og vanhelse, og den miljøbelastninga militærsatsinga utgjorde, vart mindre. Framtida såg noko lysare ut.
Men som figuren viser, var Nato-landa utanom USA lite med på avspenninga. Neste figur, laga av meg med SIPRI-databasen som grunnlag, gjeld Norge og syner at vårt land heldt oppe militærsatsinga. I faste kroner brukte dei om lag like mykje på forsvaret i 1990-åra som i tiåret før, i første tiåret av nytt tusenår brukte dei meir og i andre tiår vesentleg meir.

Med andre ord: Perioden innebar ikkje ei nedbygging eller forsømming av det norske forsvaret, men ei oppretthalding. At dei samtidig gjennomførte ei omlegging til meir yrkesmilitære og meir avansert utstyr, er eit anna spørsmål.
I militær tenking gjeld det å finne nivået for tilstrekkeleg med midlar og menneske til forsvar, ikkje maksimalt. Altså å vere godt nok førebudd til å forsvare seg mot eventuelle motstandarar, og så slå seg til ro med det. Dette fordi forsvarssatsing går ut over pengebruk og arbeidskraft til andre ting, og det går ut over naturen. Dersom éin part rustar opp, vil motparten snart gjere det same, og fellesskapet er like langt. Og dersom ein part rustar ned, er det fornuftig for kloden og eit framsteg for menneska, men i eit forsvarsperspektiv mislykka dersom motparten held fram som før.
Når Nato-land og Norge i avspenningsperioden etter murens fall gjekk i utakt med verdssamfunnet og heldt oppe forsvarssatsinga, gav dei eit signal til verda om at for oss er militærmakt overordna andre måtar å ordne globalt samkvem på.
Eg har ikkje finrekna, men omtrentlege tal blir slik:
På 1980-talet utgjorde Norges militærkostnader per innbyggjar
dobbelt så mykje som verdssnittet.
Rundt tusenårsskiftet utgjorde dei om lag 3 gonger verdssnittet.
No bruker Norge mellom 5 og 6 gonger så mykje
som eit gjennomsnittsland på militæret.
Eller ni-ti gonger så mykje som gjennomsnittslandet utanfor Nato.
Og me er med i ein allianse med åttandedelen av verdas innbyggjar og 55 % av verdas militærkostnader. For eit samla Storting er altså dette ikkje ei tilstrekkeleg overlegenheit. I juni signaliserte dei to ting, at deira forgjengarar burde ha brote tydelegare med den globale avspenninga i åra etter Berlin-murens fall og at dei gjennom dei 12 åra fram til 2036 vil auke militærkostnadene med nye 60 %, for med det å bli endå meir suverene militært, iallfall så lenge dei lykkast med ei anna takt enn dei andre. Vedtaka skjedde med usanne opplysningar i botnen.
Framheva illustrasjon:
Rabell utforma av Kaj Tallungs.
Oppdatert 28.11.kl 14.39.
Framheva bilde endra.
Du kan få nye innlegg
fra Politikus gratis tilsendt
hvis du fyller ut epostadr under:

