Politikus
Svein Grødaland
Facebook 19.11.2024
Lite har skræmt meg meir enn at Biden nå opnar opp for at Ukraina skal få bruka langdistanse missiler produsert i USA mot mål i Russland.
Frå andre kjelder har eg at Ukraina ikkje er i stand til å bruka desse greiene utan praktisk bistand frå amerkansk personell og etterretning. Dermed vert USA meir direkte involvert i krigen. Amerikanske mål eit skritt nærare å vera legitime.
Er det slik at USA nyttar høvet før det kjem nytt mannskap i det kvite huset?
Denne utvidinga er ein svart flekk på Biden sitt ettermæle, på meir enn ein måte. For det første er det ei nedrig handling, for det andre brukar ikka tapande president å lansera viktige (eller farlege) politiske trekk i det dei kallar Lame Duck-perioden.
USA-lojale støttar sjølvsagt galskapen. Det amerikanske folket har sagt sitt om meir krig. Den heimlege økonomien er viktigare. Både Ungarn og Slovakia er bekymra. Det har dei all grunn til.
Me andre er med på det politiske søvngjengeriet der me trur at Ukraina kan vinna krigen. Det er både optimistisk og urealistisk med tanke på at russarane systematisk rykker framover i Ukraina.
Dei har i tillegg historia mot seg. Ingen nasjon som har prøvd å erobra Russland, har kome heilskinna frå det. Napoleon Bonaparte prøvde seg. Han møtte den russiske vinteren, kombinert med bastant motstand.
Hitler prøvde seg. Det ende med at det russiske bidraget bidrog sterkt til at Tyskland tapte den krigen.
USA prøver seg. Dette er ikkje Ukraina sin krig mot Russland, der land som USA og Storbritannia trekker i trådane.
Når vesten opnar for kraftigare våpen, er ikkje det anna enn vestleg desperasjon overfor ein overlegen fiende.
Nei, det hjelper ikkje å visa til at USA er den sterkaste krigsmakta på kloden. Eg trur ikkje heilt på den påstanden. Det stemmer nok at USA brukar mest pengar på forsvar, meir enn fleire av dei neste på lista tilsaman.
Det svake punktet er ein svak økonomi i den forstand at andre får mykje meir ut av dei same pengane. Vesten har aldri klart å forsyna Ukraina med nok våpen. Det har alltid vore snakk om meir. Tilsynelatande har Russland klart det med langt mindre pengebruk.
Lakmustesten:
USA har tapt alle krigane dei har engasjert seg i etter 1945.
Det er ikkje få. Dei tapte Vietnam, Korea, Afghanistan, Syria, kvar gong mot ein militært underlegen fiende. Dette er første gongen på lenge dei er engasjert i ein krig på bakken, ansikt til ansikt med ein levande fiende. Så langt er det fienden som rykker fram.
nye innlegg fra Politikus
gratis
Fyll ut epostadr. din i ruta under


