Dette innlegget er henta fra Svein Grødalands Facebook-side 04.10. og 09.10. 2024 og gjengis her med hans tillatelse.
Svein Grødaland:
Bråk i idretten
Interessen for idrett er på retur. Færre ser idrett på TV, og interessen i form av omtale minkar. Ski-idretten opplever sponsortørke.
NRK melder vidare at det er for få profiler som byr på seg sjølv og skaper gode mediasaker litt på sida av sjølve idretten. Petter Nordtug hadde alltid noko moro på gang. Litt var ikkje fullt så moro. Det vart oppslag likevel.
Det er ein grunn til, som ikkje så ofte er nemnt. I min ungdom var det så lite idrett at folk fekk tid til å gle seg til neste hending på radioen. Då fjernsynet kom, kunne far finna på å sjå biletet på skjermen, og henta lyden frå radioen. Det var litt meir fres over reporatane som ikkje kunne støtta seg på biletet.
Nå er idretten i den grad overeksponert, i fleire kanalar, som folk kan gje opp med å leita etter sin idrett. Der interessen er litt lunka frå før, skal det lite til før det vesle som var av interesse, er historie.
Det er ein ting til. Idretten er så kommersiell og så fullt av støtteapparat, at det ikkje lenger er sikkert at den beste vinn. Nå er det den som har det beste støtteapparatet og mest pengar som vinn. Norge er gode på desse tinga. Satirikaren Odd Børretzen syng litt ironisk om at idretten har ein meteorolog på det lågaste punktet, og ein på det høgaste, som skal rapportera til trenar og leiar. For at andre ikkje skal få nytte av opplysningane, snakkar dei i kode.
I dag vert det eksperimentert i nye sko og bedre ballar til fotballen slik at me har eit lite teknisk forsprang. Kva om det burde vore uavgjort, og at det laget som hadde den beste ballen likevel vann med nokre millimeter bedre mål?
Eg går heller ein tur. Det er langt bedre for helsa enn å sitja i sofaen og sjå på andre som spring etter ein ball, eller over snøen med plastpinnar på beina.
Ein ting til. Ein herre, kalla Infantino, vil laga ein superliga i fotball. (NRK). Ein liga for dei beste klubbane. Eit VM for klubblag. Han møter den verste motstanden av alle: Total mangel på interesse. Ingen TV-avtalar, heller ingen sponsorar som vil bidra.
Kvifor skulle dei det? Det er nok idrett på TV, nok overbetalte fotballspelarar.
Tekst til framheva bilete, foto av Svein Grødaland:
Her er det god plass for meir fotball.
Her er det ingen slitasje på graset, bortsett frå klipping av plen.
Politisk idealisme står bak denne og fleire liknande banar.
Dei tok feil.
Dei unge bryr seg ikkje om uorganisert fotball.
Eg kunne sagt mykje meir om dette.
Får sjå ein annan dag.
09.10.2024 fulgte Grødaland opp med ein ny idrettsartikkel:
Krise etter krise
I dag brukar NRK ein del tid på at alpinsesongen startar om eit par veker, og at det så langt ikkje fins dekning for dette på norske TV-kanalar. Idrettsfolka er urolege for at deira innsats i bakken ikkje vert formidla inn i norske heimar på norsk.
Kven er aktørane i dette skodespelet?
Dei mest synlege er idrettsfolka sjølv, dei som kappast om å koma først til mål, eller på kortast tid. Dei treng, sett på spissen, ikkje anna enn snø og ein skiheis.
Her er meir. Også desse har eit massivt støtteapparat. Det kostar pengar. Mykje pengar.
Kor kjem pengane frå? Nå byrjar ting å verta interessant. Nokre av oss hugsar ei tid då idretten hadde ein amatørparagraf. Profesjonelle kunne ikkje delta på linje med amatørane. Det var ikkje lov å driva reklame eller ta seg betalt for idretten.
Amatørparagrafane forsvann, og idretten vart kommersialisert. Pengane byrja å strøyma inn til idretten.
Eg har alltid lurt på kven som til sjuande og sist betaler for dette kalaset. Går næringslivet så godt at dei har råd til å bruka millionar på idretten? Nokre firma har byrja å revurdera støtta til idrett. Dei vil heller bruka pengane på forsking, unge talent i den retninga, til og med på kultur som musikk og teater. Eg har ikkje fått med meg at den lokale idretten lir av den same pengetørken. I så fall; interessant.
Sjølve hamsterhjulet i dette opplegget er reklame, reklame som skal få oss til å kjøpa meir, bruka meir, prioritera dei store framfor lokale produkt. Det er ein del merkevarer eg styrer unna fordi dei kjem frå store, rike og mektige multinasjonale konsern. Me har eit lokalt (norsk) produkt som heiter Solo.
I ei tid då overforbruk er eit problem, er alle forsøk på å auka det forbruket negativt. Så også reklamen og sponsinga av idrett. Eg kunne akseptert det dersom sponsorane levde etter Boka sitt prinsipp am å ikkje la den eine handa veta kva den andre gjer (når du gjer ei god gjerning). Næringslivet må gjerne bruka pengar på idrett. Dei treng berre ikkje å ropa det ut frå alle hustak om kor gavmilde dei er overfor idretten.
Ein ting til: Media skal ikkje betala for å få tilgjenge til nyhetsaker. Så lenge TV-kanalane må betala for å visa dette, er ikkje idretten nyhetssak, og har heller ikkje ein naturleg plass i våre media sine nyhetsendingar. Det burde vore NRK sin sjølvsagde rett til å stilla med reportar og kamera på arenaen utan å måtta betala for det. Eller sidekanalen TV2 for den saks skuld.
Meld deg som gratis abonnent
på nye innlegg fra Politikus
Fyll ut eposten din i ruta under


