Uten de nazistiske jødeutryddingene og de jødiske dødsleirene, hadde det ikke vært mulig å få oppretta staten Israel. Reelt er opprettelsen av staten Israel en del av fredsavtalen etter 2. verdenskrig. Men som Johan Galtung skreiv i 1967, hvorfor var det palestinerne som skulle straffes med å fordrives fra sitt land når det var europeerne som oppretta og drepte jøder i konsentrasjonsleire? Hvorfor kunne ikke jødene fått sitt eget land i Tyskland, eller i andre europeiske land, hvis en først godtar sånne rasistiske ideer om at stater skal opprettes som trossamfunn?
På en spesiell nettside har ettårsdagen vært fyldig kommentert, og her slipper to av dem til orde, Svein Grødaland og Jan Christensen, gjengitt med deres tillatelse. Først Grødaland, og så Christensen:
Red. Politikus
Svein Grødaland:
Dette skreiv eg i fjor, rett etter Hamas sitt raid mot Israel. Det som skræmde meg mest den gongen, var Netanyahu sin lovnad om at denne gongen ville hevnen verta meir omfattande enn nokon gong. Han har halde lovnaden så langt.
Det vart stilt ein del spørsmål den gongen. Kvifor hadde ikkje Israel og USA fanga opp kva som kom til å skje? Det har blitt ymta om at dei lukka augene for å kunna bruka det som påskot til å løysa «den palestinske problemet». Kynisk? Absolutt. Utenkeleg? Neppe.
Krig
Eg likar ikkje meldingane frå Gaza og Israel. Det som skjer, har stoff i seg til å verta farleg. For meg er det nødvendig å tenkja gjennom kva og kvifor, med sideblikk til moglege konsekvensar.
På det heilt grunnleggjande planet, framstår palestinarane som dei aggressive. Israel får sympatien. Likevel er biletet litt meir komplisert enn som så.
Angrepet på Israel kom som eit sjokk, heilt uventa.
Dersom me nå dukkar ned i materien, vil det reisa seg ein del spørsmål. Det første er dette: Kvifor hadde ikkje israelsk eller amerikansk etterretning fanga opp at det brygga opp til krig? Dei brukar å ha oversikt over det meste.
NRK melder at fordømmelsen av krigen er unison. Alle land fordømmer det som skjer. Konkret vert Norge, USA, Frankrike og Storbritannia nemnde. Tyrkia ber partane bruka fornuft og blåsa av angrepet. Kva seier BRICS-landa? Kina? India? Vil Iran eller Hizbollah i Libanon engasjera seg?
USA og Israel er nære allierte. Svært nære. USA har ei stor gruppe jødar som engasjerer seg tett med det som skjer i Israel. Det einaste sikre her, er at USA kjem til å engasjera seg på Israel si side. Har USA musklar til det, på bakgrunn av krigen i Ukraina og ein trøblete situasjon utanfor Kina? Krigen i Ukraina har tappa både USA og Nato for militære krefter. Lagera av våpen og ammunisjon vert tømt fortare enn dei vert produsert. Berre så det er sagt; dette er ikkje ei Nato-sak.
Det er ein del faktorar i Midt-Austen som kompliserer biletet. Iran og Saudi Arabia har knytt nokre vennskapsband, med hjelp frå Kina. Iran er ein svoren fiende av Israel, medan Saudi Arabia står på godfot med USA. Saudi Arabia og Israel har og prøvd å møtast. Vil einkvan blanda seg inn i krigen på Palestina si side?
Statsminister Netanyahu har lova at Israel sitt svar vil verta meir dramatisk enn nokon gong før. Israel har meir enn ein gong hevna mindre angrep med ein meir voldsom motreaksjon. Kva legg Netanyahu i at svaret på dette angrepet vil verta meir voldsomt enn nokon gong før?
Legg til at Gaza har vore under ein hard blokkade i 16 år, både sjøvegen, luftvegen og på land. Femti prosent av innbyggjarane er utan arbeid, og Gaza by er den tettast befolka byen i verda.
Angrepet har ikkje kome utan grunn. Når folk vert pressa hardt nok, så hardt at dei ikkje har stort å tapa lenger, kan dei verta desperate. Det kan vera ein faktor bak angrepet. Ein annan faktor er at Hamas vil ha ut folk frå israelsk fengsel.
Ingen konflikt kjem ut av lause lufta. Det er alltid ei historie bak. Konflikten mellom Israel og Palestina går heilt tilbake til 1948, då FN oppretta staten Israel. Landet var ikkje tomt. Det budde folk der frå før. Dei har aldri gløymt at dei mista alt.
Tek eg parti med ein av partane? Eg prøver å la det vera. Eg prøver å forstå, for ikkje å havna i heiagjengen til ein av partane. Ingen er utan skuld i det som skjer, ikkje Israel, heller ikkje Hamas.
——————
Jan Christensen:
Som svar på årelang blokade, isolasjon og fornedrelse, er det i dag ett år siden Hamas angrep grenseområdene utafor verdens største fengsel: Gaza. Kanskje var angrepet kjent og ønsket i visse israelske kretser? Kjent fordi Israel visstnok har verdens beste etterretning, ønsket fordi det kunne gi påskudd til kraftige hevnaksjoner og nye landokkupasjoner. «Lebensraum».
Rundt 1.200 ble drept, og 250 gisler ble tatt.
I etterkant av angrepet har til nå rundt 42.000 palestinere blitt drept, 100.000 skadet og millioner er fordrevet fra sine hjem. Tusenvis har blitt vilkårlig fengslet.
Det offisielle Norge minner dagen. Med Kongehus og ledende politikere, iført det jødiske hodeplagget kippa. Og samstemte i Israels rett til å forsvare seg.
Hva med de uskyldige palestinske ofre, deriblant rundt 17.000 barn? De glemmes. Ingen rettferd. Ingen rett til forsvar. Ingen minnestund.
Sylvi Listhaug fra et stadig større Fremskrittsparti logrer for den israelske ambassade. Akkurat som hennes forgjenger, Anders Lange, for 50 år siden gjorde for det rasistiske Sør-Afrika. Politi sendes mot demonstranter. Vårt Oljefond smører Israels krigsmaskin. Norske våpenfabrikker fortsetter sine direkte og indirekte våpenleveranser. Sånn at enda flere sivile dør i det israelske bomberegnet. I Gaza og på Vestbredden – nå også i Libanon, Jemen og kanskje snart Iran.
Mens det med Israel er «business as usual», fortsetter en altomfattende boikott av en nabo som vi har levd fredelig sammen med i hundrevis av år. Media hausser opp russerhatet, og Politiets sikkerhetstjeneste fabrikkerer spionanklager. Vi sender våre krigsskip til andre siden av jordkloden for å møte en oppdiktet kinesisk trussel.
Har vi — som Israel og resten av den vestlige verden — blitt en nasjon av umoralske hyklere?
Framheva illustrasjon:
Kart over områder palestinerne er fordrivi fra.
Meld deg som gratis abonnent
på nye innlegg på Politikus.
Fyll ut epostadr din i ruta under.


