I Dag og Tid fra 13.09.2024 hadde pensjonert ingeniør Arne Kverneland, Stavanger, dette innlegget på trykk. Med hans tillatelse gjengis innlegget hans her.
Arne Kverneland:
Kva om ein ikkje kan vinna krigen?
Den ulykksalige Ukraina-krigen, offisielt berre mellom Russland og Ukraina, held fram, og me ser ingen ende på han.
I Noreg dominerer med få unntak den forteljinga at Russland uprovosert gjekk til åtak på det mykje mindre grannelandet i vest. Både presse og politikarar (til og med partiet Raudt) godtek denne vinklinga. Stadig er det snakk om å ‘vinna’ krigen mot Russland – men kva dei legg i omgrepet siger eller tap, er det få som vil presisera.
Eg deler ikkje synet at dette er ein konflikt berre mellom Russland og Ukraina. USA og NATO er i høg grad medverkande til både å ha starta og å halda i gang konflikta.
Lat meg nå likevel i dei neste fem minutta godta premissen om at russarane utan grunn gjekk laus på det demokratiske Ukraina. Kva så? Krigen held fram og både soldatar og sivile vert drepne kvar einaste dag.
Kan Ukraina, med bortimot uavgrensa våpenhjelp frå vest vinna tilbake Krim og dei andre områda i aust? Svaret på det må bli nei. Russland, som for to år sidan verka lite førebudde på angrepskrig, har nå fått erfaring, og våpensmiene går for fullt. Økonomiske sanksjonar ser heller ikkje ut til å bita på landet.
Det er derfor berre to realistiske utfall:
Enten innser styresmaktene i Ukraina at siger er utanfor rekkevidde, og går med på fredsforhandlingar. Dei nye landegrensene blir då truleg ein stad nær dagens frontar, og Ukraina må stå utanfor NATO — men blodbadet stansar i det minste, og igjen-oppbygginga av landet kan ta til. Dessverre ser det ut som at NATO, med sine løfte om våpenhjelp, har sett bom for det alternativet.
Det andre alternativet er følgjeleg at krigen held fram. Av det me ser nå, resulterer det berre i stadig fleire falne. Russarane lid nok også store tap, men landet er mykje folkerikare, så dei toler tapa lenger. Til slutt stansar krigen av seg sjølv, ganske enkelt fordi Ukraina ikkje greier mobilisera fleire kampdyktige soldatar. Ukraina vil då stå att som eit utarma og utbomba land, og med eit utblødd folk, og det etter å ha tapt endå meir land.
Dette er den realistiske enden på soga, uansett kor sympatien vår ligg. Derfor må eg be regjeringa om å slå frå seg draumen om siger, og heller stø alle tiltak som kan få slutt på blodbadet. Norske hjelpetiltak må frå nå av bli av humanitær, og ikkje militær art.
Framheva bilde:
Foto:
YR (dansantay) fra Pixabay


