Svein Grødaland:
Det veks ingenting
når det er kaldt

Klima og det gode liv

Del:

I et innlegg på Facebook skriver Svein Grødaland at «Eit mildt klima er garantist for gode avlingar og eit godt liv, medan nedkjøling skaper dårlege avlingar og svolt for menneska.» Han hevder også at «Det presset som det store fleirtalet klimakrisetruande utøver, får meg til å tru at dei har ei dårleg sak. Hadde dei vore trygge i si sak, hadde dei møtt kritikarane på open mark til debatt. Det skjer ikkje
Vår egen statskanal NRK har en vedtatt en programplakat om klima der poenget er at NRK skal drive ensidig ukritisk informasjon om klima. Og slipper de unntaksvis til motforestillinger, er kravet i NRK-plakaten at de skal tilbakevises samtidig. 

Innlegget til Grødaland gjengis her med hans tillatelse.

Svein Grødaland
Klima og det gode liv

Tilbake til NRK-serien om Sverige. Serien viser mellom anna samanhengen mellom klima og livsgrunnlag. Eit mildt klima er garantist for gode avlingar og eit godt liv, medan nedkjøling skaper dårlege avlingar og svolt for menneska.

Svein Grødaland

På bakgrunn av dette kan eg ikkje forstå kvifor litt global oppvarming skal vera så negativt, spesielt ikkje når me veit at det er naturen som står bak svingingane, ikkje nokre promiller karbon høgt oppe i atmosfæren.

Eg ser stadig innlegg som skal forklara dei naturlege samanhengane, med grafer og tal. Eg må tilstå at det ikkje er mitt fag å forstå alt dette. Men ein ting forstår eg: Det presset som det store fleirtalet klimakrisetruande utøver, får meg til å tru at dei har ei dårleg sak. Hadde dei vore trygge i si sak, hadde dei møtt kritikarane på open mark til debatt. Det skjer ikkje.

Når folk kan få folk til å tru at det er meir enn to kjønn, kan dei få oss til å tru akkurat kva som helst, også det at nokre gram karbon kan øydeleggja livsgrunnlaget vårt.

Ein av dei største syndarane med utslepp av karbon, har fått karbonreligiøst amnesti for sine utslepp: Krigen. Militær aktivitet. Den er skadeleg, både i fred og krig. Når den får driva på i fred med å øydeleggja livsgrunnlaget vårt med utslepp av karbon, nektar eg å tru på mytene. Akkurat som eg nektar for at det er fleire kjønn. At det er kjønnslause individ, er ei anna sak.

Ein tredje faktor kan spela inn. Ekstreme vulkanutbrot kan senda opp så mykje oske at det demper sollyset. Den norrøne mytologien fortel om Fimbulvinteren, tre vintrar utan sommar mellom dei. Konsekvensen er uår og svolt. Der er mytene basert på verkelege hendingar.

Vårt urbane samfunn har mista kontakten med slike realiteter. Alt kan kjøpast på butikken, eller lagrast som turrvarer ei vekes tid. På den tida vil samfunnet ha kome i gang igjen, og varene i butikken er der, som normalt. Det er ikkje sikkert det er så enkelt, om det kjem ein ny fimbulvinter.

Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland.
Bildetittel:
Det veks ingenting når det er kaldt.