Håvard Teigen,
professor emeritus,
Handelshøgskolen i Innlandet

Hytter:
Det verste
som har skjedd Fjell-Norge?

Del:

Reduseres naturen i Norge, eller gror den igjen? Innlegg om det har Politikus sluppet til tidligere.
Hva med hyttebygging? Må vi slutte med det av hensyn til korallrevene (som likevel ikke synker)? Nøye oss med de 580 hyttene til Den Norske Turistforening, eller holde oss i høyhusa til MDG uten grøntareal mellom blokkene?
Uten hytter, blir det da noe utkant-Norge?
Håvard Teigen, tidligere Handelshøgskolen i Innlandet, skreiv 06.10.2023 dette innlegget, og det er gjengitt her med hans tillatelse og med avisa GDs ingress.
Uthevinger i Teigens tekst av Politikus.

GD skriver i sin ingress til innlegget:
HYTTEBYGGING:
Fritidshus-sektoren har vore einaste vekstnæringa i Fjell-Norge dei siste 30 åra og har aleine redda bygg- og anleggssektoren i ei tid der nedgangen i folketal har gjort at det nesten ikkje er bygd boligar, skriv Håvard Teigen, professor emeritus.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Håvard Teigen:

Hytter og hyttefolk er den nye rovdyrplaga: Dei tek maten frå, skremmer og drep beitande dyr, hindrar bygdefolket å kome til fjells, fører til historias største naturtap og øydelegg for seterdrift og naturvennleg bruk av fjellheimen. I tillegg – og ikkje minst: hyttefelta blir lagt i myrområde og øydelegg naturens evne til å lagre CO2. Hyttebygging fører heller ikkje til verdiskaping.

Dette er oppsummerar ein rekke artiklar i media siste vekene. Innlegga gjev ofte inntrykk av å vere tufta på fakta, ja, jamvel forsking. Dei «opplyser» oss.

Eg har forska på fritidshus dei siste 10 åra. Eg veit derfor at mange av desse «opplysningane» er udokumenterte. Andre er diskutable og kan ikkje berre settast fram som allmenne «fakta».

Eg startar med at fritidshus-sektoren ikkje er verdiskapande. Det er dette eg har forska mest på. Faktum er at sektoren har vore einaste vekstnæringa i Fjell-Norge dei siste 30 åra og har aleine redda bygg- og anleggssektoren i ei tid der nedgangen i folketal har gjort at det nesten ikkje er bygd bustader. Etter at hyttene er bygd og teke i bruk er det fritidshusfolket som har gjort at bygder med minkande folketal har fått meir blomstrande bygdesenter enn før med butikkar, kulturtilbod osv. At sektoren ikkje har gjeve sysselsetting og verdiskaping er reinhekla falske «opplysningar» og blir motbevist kvar dag nå: hyttebygginga har midlertidig stoppa opp og arbeidsløysa stig.

Så det neste: «Opplysningane» om at hyttefelta øydelegg for beitenæringa og er forklaringa på at husdyrhaldet går ned. Kva i all verda er dette for påstand? Faktum er at det er beite i overgod – så stor overgod at det største problemet er attgroing. Husdyrbruk blir lagt ned fordi jordbrukspolitikken subsidierer stordrift samstundes som kjøtforbruket går ned.

Også før haustslaktinga hopa fryselagera seg opp med sauekjøt. Attgroinga gjer at vi et meir og meir viltkjøt. Beita er nemleg så gode at fedrelandet aldri, aldri, har hatt så store bestandar av elg og hjort.

Neste «opplysing»: Beitedyra blir skremt av alle desse hytteturistane, blir det hevda. Ja, vel ja: tamme husdyr blir skremt medan elg- og hjortestamme veks?

Alle som køyrer bil utanfor Ring 3 veit at sauene er alt anna enn redde folk og bilar: dei beiter rundt hyttene sjølv om det er høgt gras rett utanfor hytteområda og dei ligg i vegkanten og til dels midt på vegen. Over alt.

Så «opplysinga» om at hytteutbygginga gjev naturtap. Det er sjølvsagt riktig og det store grepet for å redusere naturinngrepa vart gjort med overgangen frå hyttene spreidd utover fjellheimen til dei konsentrerte hyttefelta som blir bygd ut i dag.

Så ja, det er naturtap. Det blir likevel romantiserande og fordummande når dette naturtapet knytt til hyttebygging blir sett på som noko nytt og der «det gamle» blir sett på som naturvennleg. Utan å ha statistikk på det er eg sikker på at langt meir myr er øydelagt i i gate nydyrkingsfelt på fjellet enn nye dei bratte hyttefelta.

Så ja, det er mange problem med fritidshus slik det alltid har vore med næringar i vekst. Men bøndene blir ikkje fordrivne slik farmarane jaga vekk indianarane vart i Amerika. Norske bønder sel tomter og blir rike. Og det mest vanlege er ikkje at nye hyttefelt stenger bygdefolket ute frå fjellet. Meir vanleg er at fleire får tilgang til nye fjellområde, – som Kvitfjell er eit døme på. Skiløypenettet som får så mange ut i naturen: Korleis blir det finansiert, tru?

Det eg er mest redd for i utviklinga nå, er ein uheilag allianse mellom utbyggjarane og naturtap-tenkarane. Båe partar vil bygge tettare og høgre.

Utbyggjarane profittmaksimerer. Seterstulane er dei største naturinngrepa vi historisk har hatt i fjellheimen, men det vart vakre kulturlandskap som vi er stolte av i ettertid.

Om hundre år vil folk spørje: kva i all verda dreiv dei med på 2020-talet da dei bygde så einsidige, tette, høge og stygge hyttefelt?

Framheva bilde:
Hytter på Beitostølen
Foto: HenrikNorway. iStock