Svein Grødaland:

Om kommunisme,
hvem er gode kommunister?

Del:

Dette innlegget la Svein Grødaland ut på si Facebook-side 7. mai.

Svein Grødaland:

Det hender eg får spørsmålet: Har kommunisme fungert i noko land? Svaret er JA. Norge er truleg det landet der kommunisme har fungert best. Raud Ungdom burde heller dra fram Einar Gerhardsen som døme på ein god kommunist.

Det var dårlege kår med tronge bustader og dårlig økonomi i starten av forrige århundre. Folk forlot bygdene, slo seg ned i byane, der dei havna nederst på alle rangstiar. Arbeidarpartiet kjempa seg opp, og fekk etter kvart makt. Arbeidarane organiserte seg og starta kampen for ting me tek som sjølvsagt i dag: Kortare arbeidstid, sjukepengar, etter kvart alderstrygd og folketrygd. Likestillinga kom etter vart som det vart bruk for fleire hender i arbeidslivet og moderne maskinar rasjonaliserte husmorarbeidet. Slik sett kom kvinnerørsla til dekka bord.

Kort sagt: Velferdstaten er eit resultat av kamp mot kapital, mot overklassen sine privilegier.

Resultatet er at Norge er blitt eit bedre samfunn for alle. Den prosessen var kommunisten Einar Gerhardsen med på.

I mi tid i Raudt vart det presisert at me skulle byggja på arven etter Einar Gerhardsen.

Skiljet kom i 1948, i den så berømte Kråkerøytalen. Der distanserte Gerhardsen seg frå Sovjet og kommunismen og vende seg mot USA, og vart eit av dei opphavelege landa som danna Nato. Eg skal ikkje påstå at nedturen starta her. Men banda til USA vart knytt her.

To nedturar: Gro Harlem Brundtland vert statsminster og lurer oss inn i EU bakvegen via EØS. Dette var i strid med folket sin vilje gjennom to folkerøystingar. Det var eit svik mot venstresida og folket.

Den andre nedturen kom rundt 1990 då Berlinmuren falt, jernteppet falt og Sovjet smuldra opp. Dermed var Nato sin erklærte fiende vekk. Kva nå? Ideelt og logisk sett burde også Nato blitt lagt ned. Det skjedde ikkje. I staden for ein forsvarsallianse er Nato blitt ei krigsmakt. Der er me nå. Solidaritetsparagrafen i Nato er aldri blitt brukt. Det var ikkje vore naudsynt. I staden har alliansen engasjert seg i område utanfor Nato, ofte til skade både for Nato og den som skulle «hjelpast».

Dette heng saman. Arbeidarpartiet si oppgåve med å skapa eit bedre samfunn for alle, er langt på veg løyst. Det vil alltid vera hol og unntak av typen som skaper overskrifter. Ingen samfunn er perfekt, ingen system fullkome. Venstresida si oppgåve nå er å halda fortet, at møysommelege resultat vert skufla vekk i rasjonalisering, effektivisering og anna slikt vas. Det er nok av dei kreftene som gjerne «reformerer» vekk bitar av velferdsamfunnet.

Eit samfunn der alle har den same retten til offentlege tenester, uavhengig av stand og stilling. Det er dette som er kommunisme. Ikkje despotar som Stalin og Mao. Dei har aldri praktisert kommunisme.

Eit samfunn der alle har den same retten til offentlege tenester, uavhengig av stand og stilling. Det er dette som er kommunisme. Ikkje despotar som Stalin og Mao. Dei har aldri praktisert kommunisme.

Framheva bilde:
Foto: Svein Grødaland