Svein Grødaland:

Panta réi (alt flyt)

Del:

I dette innlegget tek Svein Grødaland opp det med at «Me prøver så godt me kan å verna akkurat det me har i dag, alt frå klima, levestandard, politisk struktur, landegrenser.» «Ting er utruleg stabile. Ein tekst som denne er bortimot like aktuell etter to år
Uthevingane er lagt inn av Politikus.

Svein Grødaland:
Panta réi (alt flyt)

Naturen endrar seg. Landskapet endrar seg. Samfunnet endrar seg. Nei, det handlar ikkje om utvikling, framgang.
Me prøver å halda fast på ting, bevara ting slik det er. Me er ikkje i stand til å erkjenna at ting ikkje er som det var, og aldri vil verta slik det er nå.
Dunkel tale? Kanskje det.

Me som har levd ei stund, treng ikkje sjå lenger enn til vårt eige nabolag, der me vaks opp. Dei naboane me kjende, er skifta ut med ein yngre generasjon. Bygningane og bedriftene er ikkje til å kjenna att. Mitt landskap var ope, vindfullt. Dei gamle sa at hesten braut ned det einaste treet som var på Grødaland. I dag har me skog me er redd skal verta bygd ned av industrien.

Kva er poenget med dette? Me prøver så godt me kan å verna akkurat det me har i dag, alt frå klima, levestandard, politisk struktur, landegrenser. Me har papir på dei stabbesteinane me har plassert, og trur at dei verner det som er.

Når media melder om vulkanutbrot, tenker eg, nytta det lite å vifta med skjøtet overfor vulkanen, og hevda min rett til eit stykke land og eigedom. Vulkanen er nådelaus.

Eg nemnde ordet Klima. Vår tid har fått det for seg at klimaet bør vera akkurat som det er nå, og at me kan bidra til å halda det på status quo. Faktum er at klimaet, temperaturen, alltid har veksla mellom milde periodar og kjøligare periodar. Dette veit me, både frå arkeologi og eldre skrifter. Dei dyrka korn på Grønland, det er solide restar etter skog høgt oppe på Hardangervidda. Me trur i vårt overmot at me kan gjera noko med det.

Fleire av dei store mediasakene dei siste åra, handlar om endringar. Eller, redsel for endringar, at ikkje ting vert som før. For det vert det ikkje. Det seiest at kloden vert varmare år for år. Det fins dei som nyanserer dette litt, at det veksler ein smule. Uansett snakkar me om små marginar i målte fakta. Feilmarginen på prognosene er nokså vid, fordi det handlar om framtid, og det er vanskeleg å spå om framtida. Klimamodellane er konstruert ut frå eit eller anna premiss, og er i beste fall på linje med usikre prognoser. Desse prognosene vert brukt for det dei er verd til å skapa uro, som i sin tur skaper ein panikk som opnar vegen for tiltak, tiltak som kanskje er både unødvendige, kostbare og skadelege for oss. Me har fått fanden måla på veggen gong etter gong, utan at det har hendt noko.

Situasjonen minner meg litt om dei finske heltane, Pekka og Toivonen:

Under stor kriget var Pekka og Toivonen i London og tilbrakte en kveld med utstrakt festing før de krøp tilbake til hotellet. Dette var midt under Blitz-krigen og etter at Pekka og Toivonen hadde lagt seg døddrukne i hver sin krok bombet tyskerne London. Toivonen våkner først dagen etterpå og går bort til vinduet og trekker fra gardinene.

Han ser ut over bydelen hvor hotellet omtrent er det eneste som står, klør seg på brystet og sier til Pekka:

– Pekka, Pekka! Se hva vi har gjort. Denne festen hinner vi inte at betala…

 

Framheva bilete tatt og vald til denne teksten
av Svein Grødaland.