Svein Grødaland:

Kor vart det av arbeidarrørsla?

Del:

Dette innlegget av Svein Grødaland er henta fra hans Facebook-side 1. mai:

Svein Grødaland

I dag feirar me arbeidarane sin dag. Eg markerer dagen privat, med blanda kjensler. Eg ser med interesse på NRK-serien om Einar Gerhardsen. Både han og den legendariske Haakon Lie hadde sine røter solid planta i arbeidarmiljø. Bortimot lengst nede på samfunnstigen. Haakon Lie var bekymra over at folk frå middelklassen gjorde sitt inntog i arbeidarrørsla.

Einar Gerhardsen var revolusjonær kommunist i sine unge år. Den kommunistiske tanken dominerte Arbeidarpartiet på den tida. Kråkerøytalen i 1948 markerte eit vendepunkt i utanrikspolitikken. Partiet skifta side, frå Moskva til USA. Haakon Lie hadde agitert tungt for dette ei tid. Den nye kursen var lagt. Nå hadde Arbeidarpartiet nokre gode år, med reint fleirtal på Stortinget. Ut på sekstitalet byrja det å rakna. Det nye partiet til venstre for Ap, kom på vippen på Stortinget. Sidan har det berre gått ein veg for Arbeidarpartiet, nedover.
Det har alltid vore eit parti eller to til venstre for Arbeidarpartiet etter den dagen.

Nedturen starta med Gro Harlem Bruntland. Ho forlot dei gamle ideala. Ho aksepterte ikkje folket sitt til NEI til medlemskap i EU. Det gjekk same vegen for dei som kom etter, Stoltenberg og ikkje minst Støre: Nedover.

Problemet er ikkje det at folk ikkje forstår kva partiet vil. Me vil ikkje ha den EU-servile politikken.

Her er meir:
Venstresida har gjort ein del smale saker til kampsaker: Pride-rørsla med sitt forkvakla syn på kjønn og seksualitet, mytene om global oppvarming.

Feminismen kunne vore verd eit eige kapittel i ei tid der gutar og menn sakkar akterut i samfunnet.

Me byrjar å få augo opp for at me glir stadig tettare inn i stormaktimperialismen; EU / EØS. Det er forstemmande å sjå at Ap er så positiv til EU sine friheter. Det er frihet for kapitalen og makta til å skalta og valta med både arbeidsfolk, kapital og råvarer, akkurat som dei vil. Me ser alle kva som skjer med straumprisen når den vert regulert etter EU sine prinsipp.

Kortversjonen: Kvifor taper venstresida terreng?
Den gamle proletaren har vore ein utdøyande rase i fleire ti-år. Arbeidarungdommen fekk utdanning, tok fagbrev og vart middelklasse. Slik sett ein suksess: Folk vart lyfta opp og fekk det bedre.

Det er litt verre med broilarane. Dei er avla opp i ungdomspartia, har gått gradene. Problemet er at mange av desse aldri har vore innom eit vanleg yrke, noko anna enn politikk.

Ha ein god dag, i den franske revolusjonen si ånd: «egalite fraternite liberte».

 

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.