Noreg gror att:
NRKs kunstige intelligens
tek feil

Del:

Jon Naustdalslid reagerte på NRK sin «dramatisk illustrert[e] dokumentarartikkel om tap av norsk natur» ved hjelp av kunstig intelligens. Han skreiv ein kronikk om det i Dagsavisen 22.01.2024 der han hevda at ein dokumentar «som ikkje skil mellom inngrep i verdifull og mindre verdifull natur, har ganske avgrensa verdi.»  Naustdalslid peiker på at Noreg gror meir att og at naturen utvidar seg. Meir naturleg intelligens hadde vore nyttig, skriv Naustdalslid.
Dagsavisen og Naustdalslid har tillate at kronikken kjem på Politikus som har sett inn mellomtitlar og uthevingar.

Jon Naustdalslid:

NRKs nettsider publiserte nyleg ein dramatisk illustrert dokumentarartikkel om tap av norsk natur, «Norge i rødt, hvitt og grått». Ved hjelp av kunstig intelligens har NRK kartlagt naturinngrep dei siste fem åra fra 2017 til 2022. Den kunstige intelligensen kjem fram til at det har skjedd «44 000 inngrep – på bare fem år.» Og dette er dramatisk, skal vi tru NRK:

«I naturen kan én liten kvadratmeter være hjem til titusener av dyr og planter, fra svarttrosten i trekrona til krypene nedi jorda. Til sammen ofrer vi minst 79 sånne kvadratmetere i minuttet, viser kartleggingen.»

Det må da bli enormt mykje over tid? Ein treng rett nok ikkje å vere særleg skulert i matematikk for å handtere enkel multiplikasjon, men matematikkprofessor Kristoffer Rypdal har rekna på dette i ein kronikk på nrk.no. Dersom denne naturøydelegginga held fram i 100 år, vil 4 000 kvadratkilometer natur gå tapt. Dette svarar til litt over 1 prosent av Norges areal, ifølje professoren.

Kronikken i Dagsavisen 22.01.2024 (betalingsmur)

Kva slag natur går tapt?
Dette kan sjølvsagt oppfattast som mykje. I dokumentaren får vi til samanlikning vite at 1,7 prosent av norsk skog er såkalla gamalskog. Det blir framstilt som dramatisk lite.  Dramatikken bør vel også vere avhengig av kva slag naturtypar som går tapt. Det seier ikkje den kunstige intelligensen noko om. NRK hadde kanskje tent på å supplere den kunstige intelligensen med ein smule naturleg intelligens. Det er viktig å ta vare på naturen, særleg sårbar natur og naturtypar som det finst lite av. Men for denne dokumentaren er nemleg all natur like viktig. Alt areal som var utan synlege menneskelege inngrep i 2017, men der menneska har sett spor etter seg i 2022, er tapt natur. I dokumentaren er det likegyldig om dette er verdifull gamalskog eller eit grustak.  Vi får med andre ord ikkje greie på kor mange av inngrepa som har gått utover verdfulle og sårbare naturtypar, og kva som kanskje betyr ganske lite. For denne uintelligente intelligensen er natur natur, uavhengig av kva verdi naturen måtte ha.

Konflikt mellom
ny energi og natur
Samtidig viser dokumentaren berre den eine sida av det som skjer med norsk natur. Det er sjølvsagt rett at aktivitetar i samfunnet som bygging av vegar, bustader, fabrikkanlegg, hytter osb. fører til inngrep i naturen. Det er utan tvil slik at utbygginga av fornybar energi i form av vind- og solkraft, fører til inngrep i naturen. Det er liten tvil om at det er ein konflikt mellom utbygging av fornybar energi og vern om natur.  Dette krev avveging mellom to  viktige omsyn. Mykje av dette kunne sikkert vore handtert betre. Men den heilt openberre konflikten mellom klimatiltak og vern om natur blir knapt nemnt i denne dokumentaren. Vindmøller blir einsidig framstilte som rasering av naturen utan å bli sedde i samanheng med klimaproblemet.

Naturen veks
og utvidar seg
Det dokumentaren heller ikkje viser, er at den norske naturen samtidig veks og utvidar seg. Heilt fra førre hundreåret har det skjedd ei kontinuerleg urbanisering og konsentrasjon av busettinga i Norge. Og det NRKs dokumentar ikkje tar med, er korleis naturen faktisk også «legg på seg», mellom anna ved gjengroing. Ein personleg observasjon som er minst like «vitskapleg» som NRK-dokumentaren:

Da eg voks opp i Sunnfjord i 1950- og 60-åra, var utmarka nedbeita av husdyr, skogen var utnytta til ved. Eldre foto viser eit landskap nesten utan skog. I dag strekker skogen seg tett oppetter liene og skoggrensa et seg innover snaufjellet. Eg minnest ein oppsiktsvekkande observasjon ein gong i 1950-åra: nokon hadde observert ein hjort i utmarka. I dag er mesteparten av jordbruket nedlagt. Skogen og villmarka har tatt over, og det kryr av hjort og andre ville dyr i det landskapet som var dominert av husdyr. Det som faktisk også skjer i store delar av landet, er at naturen er i ferd med å ta tilbake mykje av kulturlandskapet. Store utmarksareal og tidlegare jordbruksareal er i ferd med å bli omvandla til villmark.

«Dette er første gang du kan se hvordan vi behandler norsk natur, samlet sett», hevdar NRK. Det er rett at dokumentaren visere eit oversyn som vi ikkje har sett før. Vi visste ikkje at i løpet av fem år har det skjedd ca. 44 000 inngrep. Men ein dokumentar som ikkje skil mellom inngrep i verdifull og mindre verdifull natur, har ganske avgrensa verdi. Dessutan er eit forsøk på å beskrive heilskapen i dei endringane som skjer i norsk natur ved berre å sjå på inngrep og naturtap utan også å få med seg den andre sida av det store bildet, meir villeiande enn rettleiande.

Extinction Rebellion
— ein antidemokratisk miljøorganisasjon
I tillegg har NRK følgt opp dokumentaren med ein reportasjeserie, der dei har engasjert komikaren Bård Tufte Johansen til å farte landet rundt og leite opp avskrekkande døme på kor ille det står til. I introen til desse reportasjane står Tufte Johansen fram som nyfrelst medlem av Extinction Rebellion, og saman med XR arrangerer han ein blokade av noko som truleg skal sjå ut som eit offentleg kontor. Dette filmklippet set tonen til oppfølginga av dokumentaren, der Bård Tufte Johansen har fått rolla som «Oppsynsmann» som skal vise fram døme på den naturøydelegginga som dokumentaren kartlegg. I slutten av reportasjeserien får vi greie på at i ei ikkje altfor fjern framtid vil vi knapt ha natur igjen og fuglesong må vi kanskje skaffe oss ein app for å høyre på. I forsøk på å vise kva som faktisk kan gjerast for å redde naturen, får vi vere med Extinction Rebellion på ein aksjon mot flatehogst, og Tufte Johansen tek oss med på kurs hos den same Extinction Rebellion for å lære korleis vi skal oppføre oss i ulovlege aksjonar og blokadar for å redde naturen.

Dokumentaren tar opp eit viktig problem. Problemet er altfor viktig til å bli behandla i form av useriøs kampanjejournalistikk og kartlegging ved hjelp av uintelligent kunstig intelligens. Det er nesten ikkje til å tru at NRK i kampanjeiveren vil legitimere Norges mest antidemokratiske miljøorganisasjon, Extinction Rebellion, ved å la reporter Bård Tufte Johansen stå fram som medlem og aktivist i denne ekstremistorganisasjonen i ein (rett nok arrangert) ulovleg aksjon.

Framheva bilde:
Frå Oldedalen.
Foto: OBB/Politikus

Jon Naustdalslid har skrivi boka Klimatrusselen, Krise for demokratiet?
Kommentert her: Klimakamp – bare gjennom diktatur?