Svein Grødaland

No, stille om Ukraina,
men meir om …

Del:

Svein Grødaland har lagt ut disse refleksjonene på Facebook-sida si, og de legges ut her med hans tillatelse.

Svein Grødaland: Kva med Ukraina?

Det er stilt i media om Ukraina. Stort sett. Media har nok med ei sak om gongen. Nå er det Israel og Hamas.
Nå byrjar vinden å blåsa i ei anna retning. Kjelder melder at russiske tropper rykker fram, sakte og metodisk. I mellomtida får USA ei ny utfordring i fanget. Israel har problem, og USA omdisponerer diverse utstyr for krig. Eit hangarskip med meir fly enn det norske flyvåpenet. I USA er det økonomisk krise. Kongressen sin speaker har fått fyken av sine eigne, og det er vanskeleg å stabla ein ny på beina. Kongressen treng speaker for å kunna fatta vedtak, mellom anna å løyva pengar. Samtidig må landet visa styrke utanfor Kina.
Så vidt eg kan forstå, er USA teknisk konkurs. Landet har ikkje nok kapital til å innfri alle lån. Einaste sjansen landet har på litt sikt, er å halda fast på dollaren sin posisjon som dominerande valuta for handel mellom nasjonar, spesielt olje og gass. Det er langt frå sjølvsagt.
Dette kan lett verta dramatisk. Xi og Putin skal møtast på onsdag. Ingen dramatikk i og for seg, berre det at dei møtest. Dette ender truleg med styrkte band mellom dei to landa. Sanksjonane mot Russland har truleg sett fart på forholdet.
Set me saman desse bitane, får me eit bilete av USA og vesten som rotar seg vekk med krig, medan andre satsar på samarbeid.
Her burde ansvarlege media bidrege med ein solid gjennomgang. Problemet er at både media og politikarane held seg til USA-strategien: Våpen og krig.
Når nå USA og vesten støttar opp om Israel, kan det lett tirra opp ein stor kontingent muslimar som har slege seg ned i våre land. Dei er kjende for å hissa seg opp over ting me gjerne vil kalla bagatellar, karikaturar og andre ytringar. Kva då om det vert gjennomført eit blodig angrep på Gaza?
Så langt er det einaste sikre at ingen ting er sikkert. Det skal knirka på Brics-sida òg. Der handlar det om pengar til store prosjekt.
Foto: Svein Grødaland: Kor går vegen?