Svein Grødaland:

Ein nemesis?

Del:

Det er lite stoff i hovedstrømsmediene om de varsla store framgangene for Ukraina, tross stadig mer våpenhjelp. Heller ikke forsvarsekspertene og politikerne melder triumferende om framgangene. Dødstallene på ukrainsk side er betydelige, trass i manglende militær framgang.
Denne kommentaren er henta fra et innlegg av Svein Grødaland på hans Facebook-side og står for hans mening:
Svein Grødaland:

Ein nemesis?

Svein Grødaland

Krigen i Ukraina er de facto over. Vesten har tapt. Ukraina har tapt. Men skodespelaren frå Kiev spring framleis rundt i korridorane og vil ha meir våpen.

Pussig nok varsla Ukraina sin offensiv mot Russland berre vegane vart farbare for tyngre kjøretøy. Amatørar. Varsla offensiv. På førtitalet var slikt Top Secret. Hemmeleg. Ingen måtte veta om invasjonen i Normandie.

Ingen seriøs hærførar snakkar høgt om slike planar. Men Zelenskij prata og prata om den store offensiven, då dei skulle kasta Russland på sjøen, jaga dei heim. Var det for å forklara at han måtet ha meir og tyngre våpen? Det gjekk som det måtte. Russland hadde alle dei gode korta på si hand. Sjølv naturen er på russisk side. Nå er det haust, og ny gjørme. Kven har fordel av det?

Det går ein nemesis over den som prøver seg på å ta Russland. Det vert stort sett slutten for den som prøver seg. Napoleon prøvde. Russarane allierte seg med kong vinter. Hitler prøvde. På ny var naturkreftene på russarane si side. I tillegg kjempa russarane som løver mot nazistane. Utan den russiske innsatsen på førtitalet, hadde Tyskland vunne krigen. Etter vel utført arbeid, reiste dei heim. Det var Russland som jaga tyskarane ut frå Finmark. Då krigen var over, reiste dei heim.

Naturkreftene er framleis ein del av det russiske forsvarsverket.

Seymour Hersh, han som avslørte kven som saboterte North Stream, skriv at krigen er tapt for Vesten sin del. Framleis er det viktig for Det kvite hus og andre å halda narrespelet i gang. Hersh opplyser i same artikkelen (Steigan.no) at soldatane tek til å avslutta offensiven mot skodespelaren sin vilje.

Nå er det verkeleg snakk om å bera havre til daud hest.

Eg nemnde nemisis. Lagnaden. USA har heilt sidan 1945 prøvd å ta Russland. Laga fiendebilete. Eg ser ikkje vekk frå at USA ein dag deler lagnad med Napoleon og Hitler i sitt forsøk på å ta Russland. Det byrja så smått å rakna etter at Russland snudde ryggen til sanksjonane. Vesten er ikkje viktig lenger.

 

Etterord av Politikus:
Det er Russland som invaderte Ukraina i strid med alle internasjonale regler.
Dessverre bryter alle stater de reglene når det passer dem, ikke minst også Norge.
Konflikten begynte ikke med invasjonen 24.02.2022.
Viktige hendinger går langt tilbake, til 2014, til 2010, til 1990 og sannsynligvis helt tilbake til 8. mai 1945.
Store norske leksikon skriver om Napoleons forsøk på å ta Russland: «…Napoleons felttog til Russland, som ble begynnelsen på hans nederlag. Napoleon nådde Moskva i september 1812, men da vinteren satte inn og forsyningstjenesten sviktet, kunne ikke de franske generalene bli i Moskva. Deler av byen var ødelagt, tsaren avviste alle fredstilbud, og 19. oktober måtte Napoleon begynne tilbaketoget. Det ble en grusom retrett, i kulde og snø, med mangel på mat, medisin og klær, stadig angrepet av fienden. Av armeen på 600 000 vendte bare om lag 10 000 tilbake
Maleriet heter
«
Napoleons tilbaketrekning fra Moskva»
og er malt av 
Adolph Northen.