Svein Grødaland:

Politikk eller eventyr?

Del:

Svein Grødaland:

Eg noterer meg at eg nok ein gong er meir samd med FrP enn dei andre partia. Klassekampen har eit intervju med Sylvi Listhaug, der ho set den sunne fornuften opp mot politisk fiksfakseri utan effekt.

Det store spørsmålet er dette: Kvifor skal Norge bruka milliardar av kroner på å flytta utslepp av CO2  frå vår eigen sokkel og eigne installasjonar til kontinentet? For Norge er dette netto tap, for miljøsaka betyr det ingenting. Som dei fleste veit, er kloden global, og flytting av problem løyser ingen problem.

Nok ein gong er det to forteljingar.

Kloden har snekra saman eit avtaleverk der kvar nasjon får ansvar for sine utslepp. Oppgåva er å rekna som utført, dersom me klarer å få skyfla utsleppet over ei landegrense. Dette er kjernen i FN sin klimaavtale. Den er ikkje verd noko som helst, sjølv om ein trur på mytene om menneskeskapt global oppvarming.

Eg har slutta å tru på desse mytene. Kvifor?
Vatn og vanndamp er ein langt viktigare klimaregulator. CO2 sitt bidrag er knapt registrerbart.

Det fins ikkje presise verktøy til å rekna ut ein middelverdi på klima over eit heilt år. Kva er middeltemperaturen på gard nr 14 i kommune nr 1119? Området er rundt 1250 mål, med fleire hundre meter kystlinje, strekker seg eit par kilometer inni landet, vekslar mellom skog og opne sletter. Som dei fleste andre stader på vår breiddegrad, har me tre til fire årsider. Vinter kan vera ein illusjon ein del år. Kan klimaet her definerast med eit tal?

Historikken talar mot teorien. Al Gore sine fantasier om kva som skulle skje innan ti år, skjedde ikkje. Det har framleis ikkje hendt noko av det han varsla.

Det har til alle tider vore vekslande klima på jorda. Kjøligare klima har alltid ført til dårlegare tider. Boka Septemberfrost av Alfred Hauge handlar om tidleg vinter og tapte avlingar tidleg på 1800-talet.

Kanskje klimasaka er den daude katten på bordet, som tek fokus vekk frå dei verkelege problema? Tusenvis av skadelege kjemikalier som vert pøst ut i naturen. Eksponering av desse kan få katastrofale verknadar både på naturen og på oss som art.

Karbon er sjølve grunnlaget for liv, ikkje eit miljøproblem. Det fins andre problem, ofte rett framfor nasen vår.

Er det nokon som har fordel av situasjonen? Dei snakkar om eit grønt skifte. Kva meiner dei med det? Elektrifisering er ein av ingrediensene. Kor skal den straumen koma frå? Vatn, vind, bølgekraft? Det er neppe nok. Atomkraft?

Kjernen i det såkalla grøne skiftet er business as usual. Ingen tanke på eit faktisk skifte. Skal me snakka om skifte, må me slutta med ein del ting, kanskje stilla kalenderen tilbake ein generasjon eller to? Ta ein kikk på bruken av energi. Kva er nødvendig, kva er nyttig, og kva er det reine tøvet?

Her har eg litt tru på Industripartiet. Ta ein del funksjonar heim att. Reformer landbruket, fleire bønder, fleire bruk. Prioritera norske produkt og norsk mat. Ta tilbake dei praktiske faga, snekker, smed, murar.

Foto: Svein Grødaland. Bildetekst: Klimafaktor i vest

Innlegget har Svein Grødaland lagt ut på Facebook, og er gjengitt her med hans tillatelse.
Uthevinger i teksten er lagt til av Politikus.