Svein Grødaland

Norske verdiar?

Me høyrer rett som det er at noko er mot våre norske verdiar. Færre snakkar om kva desse verdiane kan vera. Kan det vera fordi at då vert ting litt problematisk?

For det første; mine bondeverdiar få Jæren er ikkje lik verdiane i byen. Den mørke fastlandet har litt andre verdiar enn innlandet. Og den nord-norske humoren er er av eit anna slag enn hos oss søringar.
Sett på spissen: Eg kan oppleva by-verdiane som eit angrep på mine bygdeverdiar.
Sant nok, det handlar stort sett ikkje om dette når me snakkar om angrep på våre verdiar.
Litt meir konkret: I desse dagane vert kritikk mot Pride ofte oppfatta som angrep på våre verdiar. Dei som kritiserer, er ofte konservative kristne, eller endå meir konservative innvandarar. Nokre av oss er ingen av delene, men er skeptisk likevel.

Ei anna sak: Vår frie omgang med seksualitet, både i omtale og praksis. Me kan forelska oss i kven me vil, både på tvers og på langs av kjønn, Me har nokre tusen abortar kvart år, og slåss for retten til å ha det slik. Andre land, les Russland og aust-Europa, oppfattar oss som dekadente, umoralske når me er slik me er. Det er snakk om reell usemje mellom aust og vest i Europa. Sjølv Ukraina, vil eg tru, er meir på linje med Russland enn me oss i slike saker. Det handlar mellom anna om religionen sin plass i samfunnet. Vest Europa er mykje meir sekulære, utan religiøs tru eller praksis. Dei religiøse undrar seg over dette.

Kan eg finna eit minste mål av felles verdiar? Heilt ned på det mest elementære: Felles språk og felles historie. Eg tek med felles religiøse røter. Dei fleste av oss har vakse opp innanfor ramen av den norske kyrkja og ein slags kvardagsreligiøstiet som viser att i at ein del seremoniar skjer i kyrkja; dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd.

Språket vårt har ein del religiøse referanser, sjølv om me ikkje tenker over det til dagleg. Jeremiade. Kamel gjennom eit nålauge. Pauli ord. Sjølv banninga vår er knytt til religion, medan engelsk banning er svært ulik. Den handlar om kropp og seksualitet. Son of a bitch. Motherfucker. Shit!

Henta fra Svein Grødaland sin Facebook-side,
står for hans mening og gjengitt med hans tillatelse.
Uthevinger av Politikus.
Foto: Grødaland