Svein Grødaland:

Kva skjer i Raudt? Kvifor så redde?

Politikus registrerer og har fått melding fra noen om at det er streng innleggskontroll på Rødt sine diskusjonssider på Facebook. Spørsmål og kritikk om Rødts politikk er ikke ønska og innlegg om det blir raskt fjerna. Det blir ro i partiet og om politikken med en sånn praksis. Men blir det god politikk og et levende parti uten motforestillinger?
En av dem som har reagert på denne politikken er Svein Grødaland i Rogaland. Innlegget han la ut som Rødt-medlem på Rødts Facebook-side fikk følger; to. Forklaringa følger her:

Svein Grødaland:

Mitt medlemskap i Raudt heng i ein tynn tråd. Ikkje fordi eg er usamd i våpenvedtaket på landsmøtet. Det kan eg både mislika og leva med.

Raudt skal etter eigne vedtekter vera eit parti som er styrt frå golvet. Dei tillitsvalde handlar på vegne av medlemmer og veljarar. Stort sett fungerer dette.

Men ikkje alltid. Det har i mi tid som medlem vore fleire episodar der det er varsla sanksjonar mot medlemmer som er knytt til Steigan.no på ein eller annan måte. Eg har aldri fått med meg kva som ligg bak; kvifor Steigan er uglesett sentralt i Raudt.

Det siste ryktet som gjekk, er at innlegg i Raudt Agder vert fjerna dersom dei lenker til Steigan. Sjølv om ryktet er forsøkt dementert, ligg det noko under og ulmer.

Steigan er kontroversiell. Ingen tvil om det.

Nettsida hans har eit breidt utvalg av skribentar frå mange land. Steigan.no tek opp kontroversielle emne som krigen i Ukraina, moglege biverknadar etter C-19 vaksine, global oppvarming, utviklinga i Asia/Afrika/Sør-Amerika, effekten av sanksjonane, woke, etc.

Dersom saker som dette ikkje kan diskuterast, er me ille ute, både som parti og samfunn. Eg noterer meg at Steigan stiller dei spørmåla eit radikalt parti burde ha stillt. Det skjer ikkje. I staden driv partiet markeringspolitikk, til dømes om økonomien til dei som sit på Stortinget. Partiet burde heller sett på offentlege stillingar der løna er det doble av den på Stortinget, og vel så det.

Eg kjenner sjølv på litt uro når eg er inne på kontroversielle tema. Eg har fått peikefingeren frå FB. Eg veit at andre har fått time out for kortare eller lenger tid.

Det ligg noko kvalmt som ulmer under overflata, ting som ikkje kan diskuterast fordi smale grupper kan føla seg krenkt. (På vegne av andre.)

Eg er priviligert. Som pensjonist treng eg ikkje å vera redd for jobben. Seniorstipendet er solid fundert. Det var verre i yrkesaktiv tid. Det var episodar der omsynet til jobb kolliderte med frie ytringar. Eg sa mellom anna frå meg eit engasjement i NRK fordi det kolliderte med jobb. I dag har eg ryggen fri.

PS:
Eg har nett fått melding av at gruppa «Aktiv i Raudt» har sletta dette innlegget. Det fekk liggja ute eit par timar.

Eg er ikkje sjokkert. Eg delte innlegget i den gruppa for å sjå reaksjonen, om eg er innanfor eller ikkje. Eg fekk svar.

PPS:
Eg har teke konsekvensen av alt dette, og meldt meg ut av Raudt. Det er litt synd for lokallaget sin del, for me har ein del personar eg reknar som mine politiske vener. Nå har eg fjerna meg litt frå dette miljøet. Eg ynskjer dei likevel alt godt, for Raudt har mange gode saker lokalt. Min protest er retta mot Raudt sentralt.

Foto: Svein Grødaland

Innlegget er henta fra Grødalands Facebook-side
og gjengitt i samsvar med han.